Barn med nedsett funksjonsevneKommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna tilrettelagt barnehagetilbod. Tilrettelegginga kan til dømes omfatte utstyr, ekstra personalressurs eller fysisk tilrettelegging/ bygningsmessige endringar. Sist endra 28.06.2024 11.13 Rettane til barn med nedsett funksjonsevne er heimla i barnehagelova § 37. Foreldre har høve til å søke kommunen om tilrettelegging som er nødvendig for at barnet skal kunne nyttiggjere seg av barnehagetilbodet. Ein kan fylle ut og sende inn søknaden i samarbeid med barnehagen. Det er ingen føresetnad at barnet har sakkunnig vurdering frå PPT. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert ved legeerklæring. Nødvendig dokumentasjon frå andre instansar skal leggast ved for å belyse saka (t.d. helsestasjon, StatPed, PPT, HABU, BUP). Kommunen skal etter søknad fatte vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld for barn både i kommunale og private barnehagar. Foreldre har klagerett.SøknadsskjemaSøknadskjemaet er elektronisk. Ved særskilde behov kan ein ved henvendelse til kommune/rådgjevar oppvekst be om papirbasert søknadsskjema. Barn med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe. Fleire av barna dette gjeld vil ha rett til både tilrettelegging etter § 37 og spesialpedagogisk hjelp etter § 31 (pedagogiske tiltak). Nedsett funksjonsevne er definert som «tap av, skade på eller avvik i ein av kroppens psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar». Tilretteleggingsplikta er avgrensa mot tilfelle som er av forbigåande art, til dømes beinbrot. Hovudregelen er at kommunen må tilrettelegge barnehagetilbodet i den barnehagen der foreldra ønsker at barnet skal gå. Men kommunens plikt til tilrettelegging er avgrensa til tilrettelegging som ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde. I slike tilfelle kan barnet eventuelt bli tilbydd plass i ein annan barnehage som er betre tilrettelagt.Dersom kommunen/PPT henviser eit barn til utgreiing hos StatPed, så har kommunen også eit ansvar for å dekke reiseutgifter til foreldre/barn på visse vilkår. Følgjande retningsliner gjeld:Rutine for dekking av reiseutgifter i samband med utgreiing hos StatPed (PDF, 61 kB) For meir informasjon kan du klikke på lenkene nedanfor:Tilrettelegging av barnehagetilbodet etter § 37Lov om barnehage § 37HelsedirektoratetStatPed