BTI i Sykkylven (Betre Tverrfagleg Innsats)

Sykkylven kommune bruker samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) for å sikre god samhandling mellom interne kommunale tenester og eksterne tenester som arbeider med barn og unge. Modellen er også kjent som Betre Tverrfagleg Samhandling (BTS)

Handlingsforløp i BTI

Det overordna formålet med BTI-arbeidet er å sikre at barn, unge og deira familiar får nødvendig hjelp så tidleg som mogleg. Målgruppa for BTI-modellen er barn, unge og gravide som treng hjelp, støtte og merksemd i korte eller lengre periodar i livet. BTI-modellen skal kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats frå involverte tenester utan brot i oppfølginga. BTI bidreg til tidleg innsats, samordning mellom ulike tenesteområde og medverknad. 

BTI-modellen

BTI-modellen deler arbeidet inn tre fasar:

  • Identifisering
  • Lokal innsats, på helsestasjonen, i barnehagen og/eller på skulen
  • Tverretatleg samarbeid

Basistenester, som barnehage og skule, har ei viktig rolle i BTI. Dei skal både identifisere og sette i verk tiltak tidleg. Identifisering er også eit ansvar for alle hjelpetenester (helsesjukepleiar, PPT, ergo- og fysioterapeutar, og barnevern). 

Tenester som er i kontakt med vaksne har eit spesielt ansvar med å identifisere barn som pårørande.

Sjå handlingsrettleiar og tiltaksoversikt i Sykkylven kommune.

Tiltaksnivå i BTI-modellen

BTI-modellen er delt inn i fire tiltaksnivå:

  • Nivå 0: Bekymringsfase. Her definerer ein uroa for eit barn, og deler uroa med andre (t.d. med næraste leiar, foreldre/føresette).
  • Nivå 1: Her jobbar tenesta (t.d. barnehage, skule) saman med føresette og barn for å finne ei løysing. Dette skjer i utgangspunktet internt innan kvar enkelt teneste/avdeling.
  • Nivå 2: Her er det eit tverrfagleg samarbeid mellom to (eller fleire) kommunale tenester, føresette og barn/ungdom for å løyse utfordringa
  • Nivå 3: Her vert også tilviste tenester kopla på for å løyse meir komplekse utfordringar (t.d. spesialisthelsetenesta). Dette er eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester.