Blakstad naturbarnehage

Blakstad Naturbarnehage er ein to-avdelings barnehage i naturskjønne omgjevnadar i Tusvik. Barnehagen har stort fokus på mestring, sunn livsstil og leik i naturen. Med romslege lokale, variert uteområde og engasjert personale, tilbyr barnehagen eit inspirerande miljø for barn i alderen 0 - 6 år.

Om barnehagen 

Blakstad Naturbarnehage er ein utvida barnehage med to avdelingar:

  • Småbarnsavdeling for barn frå 0 - 3 år, med plass til 12 barn 
  • Storbarnsavdeling for barn frå 3 - 6 år, med plass til 18 barn

Barnehagen held til i dei tidlegare skulelokala i Tusvik, og har store og funksjonelle rom. Vi har mellom anna ein eigen gymsal som blir brukt aktivt til arrangement som til dømes Solid Start Sykkylven, FN-kafê, julefest, karneval og filmframsyningar. 

Uteområde og nærmiljø

Uteområdet er stort og variert, med kupert terreng som gir utfordringar og inspirasjon til leik og aktivitet. Barnehagen ligg nær flotte turområde som turløypa rundt Tuvatnet, skogen, fjøra, og “Langhol gård”

Fokus på sunn mat 

Vi har stort fokus på sunne matvanar. 

  • Frukt og grønt er ein viktig del av det daglege kosthaldet 
  • Ved feiringar som bursdag og karneval brukar vi sunne alternativ som fruktsalat og smoothie 
  • Vi serverer også mykje fisk og fiskeprodukt

I tillegg har barnehagen ein eigen grønnsakshage med poteter, gulrøter, sukkererter og meir. 

Tradisjonar og aktivitetar 

Storbarnsavdelinga har lang tradisjon med Lucia-framføring på Formfin Møbler, og besøk til Hundeidvik privatskule før jul for å sjå generalprøva til julefesten. 

Sidan hausten 2018 har vi arrangert Forskardagar, der barna får utforske og undre seg gjennom eksperiment og aktivitetar som stimulerer nysgjerrigheit og læring. 

Visjonen vår er: Mestring med naturen som leike- og læringsarena.

Meir informasjon om Blakstad Naturbarnehage

Adresse til barnehagen

Blakstad naturbarnehage

Sørestrandvegen 1235
6222 Ikornnes

Representantar i utval til barnehagen

Representantar i Foreldrerådet: 
Alle foreldra. 
Leiar: Alastair Brunton
Nestleiar: Eirik Urke Torset
Sekretær: Robert Dornheim

Representantar i Samarbeidsutvalet: 
Leiar: Alastair Brunton
Nestleiar: Lukasz Skonecki
Personalrepresentant: May-Britt Haldorsen
Kommunalrepresentant: Caroline Jusintha Tusvik
Styrar/sekretær: Berit Elisabeth Hanken 
Vararepresentantar: Martin Kristoffersen(for leiar),  Thomas Storvestre(for nestleiar), Sveinung Vemøy(for kommunerepresentant), Jeanette Nygård(for personalrepresentant). 

Kontakt

Berit Elisabeth Hanken
Styrar
E-post
Mobil 91 89 87 60

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post