Om barnehagen
Ullavik barnehage vart etablert som partslag i 1986 under namnet Sykkylven Barnehage P/L, med foreldre som eigarar. Frå starten heldt barnehagen til i Speidarbo i Aurelia, før den flytta inn i nybygde lokale i Ullavik i 1991. Sykkylven kommune tok over drifta i 1996, og frå 1. august 2002 fekk barnehagen sitt noverande namn.
Avdelingar og kapasitet
Barnehagen har i dag fire avdelingar:
- Jonatan og Tobias: 13 plassar kvar for barn i alderen 0 - 3 år
- Kasper og Jesper: 16 plassar kvar for barn i alderen 3 - 6 år
Avdeling Tobias vart oppretta hausten 2023 i dei tidlegare SFO-lokala ved Ullavik skule, rett ved barnehagen.
Opningstider og feriestenging
Barnehagen er open frå kl. 07.00 til 16.30.
Vi held stengt i romjula, påskeveka og fellesferien, samt fem studiedagar fordelt gjennom året (jf. Barnehageruta).
Lokalisering og nærmiljø
Barnehagen ligg solrikt og fint til i sydhellinga i Ullavik, omgitt av vakker natur. Det er kort veg til Trollskogen, der gapahuken er eit sentralt samlingspunkt for leik og utforsking. Gjennom året får barna bli kjent med barnehagen, fellesskapet på tvers av avdelingar og naturen rundt oss.
Satsingområde
Barnehagen har særleg fokus på:
- Språkstimulering
- Solid Start Sykkylven
Vi arbeider i tråd med lovverk, nasjonal og lokal rammeplan, og er ein del av Den Sykkylvske barnehage - ein plass for den gode barndom. Dette legg til rette for ein spennande og utviklande kvardag både inne og ute.
Pedagogisk grunnsyn
I Ullavik barnehage legg vi vekt på verdiane:
- gjensidig toleranse
- nestekjærleik
- sanning
- rettferd
Vi arbeider aktivt for å vere bevisste på kvifor og korleis vi jobbar, og sikrar kvalitet gjennom refleksjon og samarbeid. Likeverd og respekt er grunnlaget for alt samspel mellom barn og vaksne.
Visjon
Vi ønsker å skape eit miljø prega av tryggleik, trivsel, fellesskap og glede.
Lenker til nyttig informasjon
Adresse
Ullavik barnehage
Ullaviklia 23
6230 Sykkylven
Representantar i utval til barnehagen
Representantar i Foreldreutvalet:
Karoline Grønningsæter Strømmegjerde (leiar), Ingebjørg Jelle-Slenes (nestleiar), Silje Helene Hausvik og Sofie Hammernes Strømme.
Representantar i Samarbeidsutvalet:
Foreldrerepresentantar: Karoline Grønningsæter Strømmegjerde og Ingebjørg Jelle-Slenes
Tilsetterepresentantar: Ingebjørg Hjelset og Elisabeth Lote
Politisk representant: Otto Magne Strømmegjerde
Styrar/einingleiar er sekretær.
Ullavik barnehage