Ullavik barnehage

Ullavik barnehage ligg solrikt og naturnært til i Sykkylven, og har sidan 1986 vore ein trygg og utviklande arena for barn i alderen 0 - 6 år. Med fire avdelingar og satsing på språk og Solid Start, tilbyr barnehagen eit inkluderande fellesskap der leik, læring og naturutforsking står sentralt. 

Om barnehagen

Ullavik barnehage vart etablert som partslag i 1986 under namnet Sykkylven Barnehage P/L, med foreldre som eigarar. Frå starten heldt barnehagen til i Speidarbo i Aurelia, før den flytta inn i nybygde lokale i Ullavik i 1991. Sykkylven kommune tok over drifta i 1996, og frå 1. august 2002 fekk barnehagen sitt noverande namn. 

Velkommen på besøk

Ta kontakt med oss

Avdelingar og kapasitet

Barnehagen har i dag fire avdelingar:

  • Kasper: Barn i alderen 2-6 år
  • Jesper: Barn i alderen 2-6 år
  • Jonatan: Barn i alderen 0-3 år
  • Tobias: Barn i alderen 0-4 år

 

Opningstider og feriestenging 

Barnehagen er open frå kl. 07.00 til 16.30. 

Vi held stengt i romjula, påskeveka og fellesferien, samt fem studiedagar fordelt gjennom året (jf. Barnehageruta).

Lokalisering og nærmiljø 

Barnehagen ligg solrikt og fint til i sydhellinga i Ullavika, og omgitt av vakker natur. I nærmiljøet vårt har vi mange fine turmoglegheiter som t.d. Trollskogen, leikeplassar, fjøra, Kyrkjeparken og Biblioteket.

Satsingområde 

Barnehagen har særleg fokus på:

  • Språkstimulering/lesing
  • Nærmiljøet
  • Solid Start Sykkylven

Pedagogisk grunnsyn 

I Ullavik barnehage legg vi vekt på verdiane: 

  • gjensidig toleranse 
  • nestekjærleik 
  • sanning 
  • rettferd

Vi arbeider aktivt for å vere bevisste på kvifor og korleis vi jobbar, og sikrar kvalitet gjennom refleksjon og samarbeid. Likeverd og respekt er grunnlaget for alt samspel mellom barn og vaksne. 

Visjon 

Vi ønsker å skape eit miljø prega av tryggleik, trivsel, fellesskap og glede. 

Lenker til nyttig informasjon

Adresse

Ullavik barnehage
Ullaviklia 23
6230 Sykkylven

Representantar i utval til barnehagen

Representantar i Foreldreutvalet:

Silje Lundehaug (leiar), Lisa Klock Urtegård (nestleiar), Beate Grebstad og Sonja Marita M. Ødegård

 

Representantar i Samarbeidsutvalet:

Foreldrerepresentantar:

Silje Lundehaug og Lisa Klock Urtegård

 

Tilsetterepresentantar:

Elisabeth Lote og Henriette Urke

 

Politisk representant: 

Otto-Magne Strømmegjerde

 

Styrar/avdelingsleiar er sekretær.


 

Kontakt

Randi Ludviksen Hole
Styrar

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Avdeling Kasper
Avdeling Jesper
Avdeling Jonatan
Avdeling Tobias