Om barnehagen
Vikedalen barnehage stod ferdig sommaren 2003 og ligg idyllisk til i Vikedalen, om lag to kilometer sør-aust for Sykkylven sentrum. Barnehagen har 57 plassar fordelt på fire avdelingar:
- Ei avdeling for eittåringar
- Ei avdeling for toåringar
- To avdelingar for barn frå 3 - 5 år
Friluftsliv og trivsel
Vi ønsker å gi barna gode opplevingar med friluftsliv og leik i naturen. Målet er at dei skal bli trygge ute, trivast i all slags vêr, og vere leikne, aktive, nysgjerrige og utforskande.
Vi trur at det ein lærer å bli glad i, vil ein også ta vare på.
Naturen som leikeplass
Barnehagen har eit variert og ulendt uteområde som stimulerer barna si motoriske utvikling. Her finn du både gamme, gapahuk og bålplass, og rett utanfor gjerdet ligg fotballbana til grendalaget.
Nærleiken til skog, fjell og elv gir gode moglegheiter for undring og utforsking. På Legane, framfor byggefeltet, har vi eit flott turterreng og vår eiga grindløe som base for leik og aktivitet gjennom heile året.
Relasjonskompetanse og livsmestring
Relasjonar er grunnlaget for all utvikling. Vår psykiske og fysiske helse heng tett saman med relasjonell kompetanse - evna til å forstå og samhandle med andre.
Gjennom god relasjonskompetane kan vi førebygge mobbing, takle motgang og medgang, og mestre kvardagen saman.
Vi jobbar aktivt for å bli kjent med heile barnet - både i leik og alvor. Å bli sett handlar om å oppleve å bli verdsett og få fysisk nærleik. Det er den vaksne sitt ansvar å skape gode relasjonar, ikkje barnet sitt. Vi vil hjelpe dei til å få ein god start på livet og oppleve livsmestring.
Samspel og kvardag
I tett samarbeid mellom barn, foreldre og tilsette legg vi til rette for ein spennande og utfordrande kvardag - både inne og ute - i Vikedalen barnehage.
Lenker til nyttig informasjon
Representantar i utval til barnehagen
Representantar i Foreldreutvalet:
Ingjerd Weiberg-Aurdal, Piotr Bulinski, Amalie Hjelset Sunde og Stefan Hjelle. Inga-Lill Stenseth og Charlotte Lade er vara.
Representantar i Samarbeidsutvalet:
Stian Sve og Cecilie Eide (foreldrerepresentantar), Karina Solevåg og Ragnhild Lilleseter Strandabø (tilsetterepresentantar), Eldar Høidal (politisk representant/barnehageeigar). Styrar/einingsleiar er sekretær.