Uteleikeplassen i Vikedalen er ulendt og variert med gode muligheiter til å fremje barna si motoriske utvikling. På området vårt har vi både gamme, gapahuk og bålplass, medan vi har fotballbana til grendelaget rett utanfor gjerdet. Nærleiken til både skog, fjell og elv gir oss gode plassar for undring og utforsking. På Legane framom byggefeltet har vi eit flott og variert turterreng som vi gjer oss mykje nytte av. Her har vi også vår eiga grindløe som base for mykje variert leik og aktivitet året rundt.
Med desse naturgjevne muligheitene ønskjer vi å gi alle barna gode opplevingar med friluftsliv og leik i naturen. Vi vil at dei skal bli så trygge ute at dei trivest i all slags vér, vere leikne, aktive, nysgjerrige og utforskande. Det ein lærer å bli glad i, vil ein og ta vare på.
Relasjonar ligg i botn for all utvikling. Både vår psykiske- og fysiske helse heng nøye saman med vår relasjonelle kompetanse. Med andre ord handlar relasjonskompetanse om livsmestring. Gjennom livsmestringa kan vi førebygge mobbing, takle motgang og medgang, ja rett og slett mestre kvardagen saman med andre. Skal vi få til dette må vi jobbe intenst for å bli kjent med heile barnet, både i leik og alvor. Dette handlar om å la kvart einskilt barn bli sett for den det er, men kva er eigentleg det å bli sett? Ei eiga oppleving av å bli sett, bli verdsett og oppleve fysisk nærleik. Korleis tolkar du det når du ser eit menneske som tullar og tøyser; ser du då ein bråkmaker eller ein gledespreder?
Det er den vaksne sin jobb å skape ein god relasjon, det er ikkje barnet sitt ansvar. Vi vil hjelpe dei til å få ein god start på livet og oppleve livsmestring. Barnet gjer alltid det beste det kan. Vår utfordring vert å skille mellom barnet og den spesifikke handlinga. Vårt utgangspunkt er at vi som menneske er genuint gode.
I eit tett og godt samspel mellom barn, foreldre og barnehage, vil vi legge til rette for ein spennande og utfordrande kvardag både inne og ute i Vikedalen barnehage.
Nyttig informasjon
Årsplan
Kommunikasjon mellom heim og barnehage (PDF, 117 kB)
Aktivitetsplan for Vikedalen barnehage (PDF, 77 kB)
Vedtekter
Barnehagerute (felles) 2024-2025 (PDF, 69 kB)
Solid Start
Trafikksikker barnehage
Rammeplanen
Barnehagelova
Representantar i Foreldreutvalet:
Amalie Sunde, Inga-Lill Stenseth, Charlotte iren Lade, Ingjerd Weiberg-Aurdal
Representantar i Samarbeidsutvalet:
Stian Sve og Cecilie Eide (foreldrerepresentantar), Karina Solevåg og Ragnhild Lilleseter Strandabø (tilsetterepresentantar), Eldar Høidal (politisk representant/barnehageeigar). Styrar/einingsleiar er sekretær.