Søk redusert foreldrebetaling

Familiar med lav inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Ingen hushaldningar skal betale meir enn 6% av samla skattepliktig inntekt for ein barnehageplass. For barnehageåret 2024/2025 kan familiar med ei samla inntekt under 366 666 kroner søkje om redusert betaling. Innteksgrensa for å søkje gratis kjernetid er på 642 700 kroner, gjeldande samla for husstanden.

Ordninga med redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid er søknadsbasert. Vedtak om redusert betaling gjeld for berre eitt år om gongen, og ein må difor søkje på nytt for kvart barnehageår. Du søkjer ved å logge deg inn på Foreldreportalen:

Foreldreportalen

Føresetnaden er at søkjar har foreldreansvar for barnet/barna, og at foreldre og barn har same folkeregistrerte adresse. Det skal sendast inn ein felles søknad for alle barna i hushaldninga. Dvs. at ein ikkje treng å registrere fleire søknadar samtidig når ein har fleire barnehagebarn. Dette gjeld også barn som har fått tildelt plass, men som enno ikkje har starta i barnehage (framtidige barn). Når ein søkjer om redusert foreldrebetaling får ein også automatisk innvilga gratis kjernetid dersom kriteria er stetta. Ordninga med gratis kjernetid gjeld ikkje for barn under 2 år (dette følgjer kalenderåret).

Når du har logga deg inn går du gjennom desse stega:

1. Klikk på "Søk redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid".

2. Velg barnehageår (kun inneverande år er valgbart fram til 1. april).

3. Klikk på "Neste".

4. Legg inn informasjon om hushaldninga (inkludert eventuell ektefelle/sambuar).

5. Kommunen har integrasjon mot Skatteetaten, slik at inntekta vert henta automatisk derifrå under sakshandsaming. Difor er det viktig at eventuell medsøkjar er registrert.

6. Klikk på "Neste".

7. Vel "Siste skattemelding skal brukast til å stadfeste inntekt" eller "Eg har ikkje skattemelding/husholdningens inntekt er vesentleg og varig endra sidan siste skattemelding".

8. Last eventuelt opp dokumentasjon som syner at inntekta til hushaldninga er vesentleg og varig endra sidan siste skattemelding.

9. Klikk på "Neste".

10. Kontrollèr og send inn skjema.

11. Søkjar får ei stadfesting i skjermbildet på at søknad er registrert. Det blir også sendt ei stadfesting via e-post til søkjaren.

Dersom det oppstår problem kan du ta kontakt med rådgjevar barnehage (tlf 482 75 096) eller Servicetorget (tlf 70 24 65 00).

Det er vanlegvis skattemeldinga som dannar grunnlag for om søkjaren har rett på redusert betaling eller ikkje. Men unntaksvis kan ein altså fråvike dette, dersom søkjar kan gi dokumentasjon på vesentleg og varig endring av inntekta. Dersom vedlagt dokumentasjon ikkje er tilstrekkeleg, vil det ikkje vere mogleg for søkjaren å laste opp eit nytt vedlegg via "Foreldreportalen". Dokumentasjonen må då leverast per brev til Servicetorget. Du har også høve til å søkje på nytt dersom det oppstår vesentlege endringar i husstandens inntekt undervegs i barnehageåret.

Dei som ønsker reduksjon i betalinga gjeldande frå starten av eit nytt barnehageår bør søke innan 1. juli.  Dette for at vi skal rekke sakshandsaminga før sommarferien. Det kan også søkast undervegs i året, men då vil reduksjonen i betalinga gjelde frå månaden etter at kommunen tek imot søknaden. Den vil ikkje ha tilbakeverkande kraft. Ordninga gjeld både for kommunale og private barnehagar. Det er den kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknadar om betalingsreduksjon.

 

Redusert foreldrebetaling:

Gjeld for alle barn uansett alder.

Gratis kjernetid:

Gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, samt barn med utsett skulestart. Familiar som søkjer om redusert foreldrebetaling får også automatisk innvilga gratis kjernetid dersom kriteria er oppfylt. Dette er knytt til inntekt og alder på barnet. For barnehageåret 2024/2025 vil gratis kjernetid gjelde for barn som er fødd i 2022 eller tidlegare, og dette gir rett på 20 timar gratis opphaldstid per veke. Frå 01.08.2024 er inntektsgrensa for gratis kjernetid på kr 642 700.

Det er felles søknad både for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid via "Foreldreportalen".

 

Dersom du manglar norsk fødselsnummer/personnummer:

Utan norsk personnummer (utan MinID/BankID) kan ein ikkje logge inn på "Foreldreportalen" via ID-porten. I slike tilfelle må søknadane handterast manuelt. Ta kontakt med rådgjevar barnehage (tlf 482 75 096).

 

Foreldrebetaling

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post