Dette kan du gjere i Foreldreportalen:
- Søke om ny barnehageplass
- Søke om å bytte eller endre plass
- Svare på tilbod om plass
- Seie opp barnehageplass
Du loggar inn med elektronisk ID via ID-porten.
Dersom du treng hjelp kan du ta kontakt med servicetorget, tlf: 70 24 65 00, eller rådgjevar oppvekst, tlf: 48 27 50 96
Meir informasjon om Foreldreportalen
Søknad om barnehageplass
Alle som ønsker barnehageplass skal bruke elektronisk søknadsskjema i Foreldreportalen. Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar.
Søknad om å bytte barnehageplass
Dersom du allereie har plass, kan du søke om å få bytte til ein anna barnehage. Søknad sender du digitalt via Foreldreportalen.
Dette gjeld også overflytting for søsken, såkalla “søskensamanslåing”.
Svare på tilbod om barnehageplass
Tilbod om barnehageplass frå kommunen/barnehagen blir sendt elektronisk via Altinn eller DigiPost. Svaret ditt registrerar du i Foreldreportalen.
Klage på tilbod/avslag om barnehageplass
Har du søkt om barnehageplass i samband med hovudopptaket og fått avslag eller ikkje tilbod på første- eller andre valget ditt, kan du klage.
Klaga må vere skriftleg og innhalde ei grunngjeving. Klagefristen er 3 veker etter du har motteke svar etter hovudopptaket.
Skriftleg klage kan sendast på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no, eller pr. post til:
Sykkylven kommune
Postmottak
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
Oppseiing av barnehageplass
Oppseiing av barnehageplass skal sendast elektronisk via Foreldreportalen. Når du loggar deg inn på Foreldreportalen vil valet “Sei opp plass” ligge knytta til alle barn med opphald.
Alle som takkar ja til tilbod om barnehageplass pliktar å stadfeste at dei har lest og akseptert vedtektene til barnehagen. Vedtektene til kommunale barnehagar finn du i lenka under:
Kommunale barnehagevedtekter (PDF, 112 kB)
Vedtektene til dei private barnehagane finn du ved å logge deg inn på heimesida til den aktuelle barnehagen. Barnehagar i Sykkylven finn du her.
Lovverk
Nasjonal forskrift om saksbehandlingsreglar sikrar at opptak i barnehage skjer rettferdig og på ein måte som sikrar søkarane sin rettstryggleik:
Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage