Søke, svare, bytte eller seie opp barnehageplassSykkylven kommune nyttar no foreldreportalen i Visma Flyt Barnehage. Her kan foreldre/føresette registrere sine ønsker elektronisk. Dette gjeld både søknad om ny barnehageplass, søknad om å bytte/endre plass, svar på tilbod og oppseiing av plass. Foreldreportalen vert nytta både for kommunale og private barnehagar. Sist endra 12.03.2024 10.26 Ved å klikke på linken under kjem du til innloggingssida i foreldreportalen. Dersom du treng hjelp kan du ta kontakt med Servicetorget (tlf 70 24 65 00) eller rådgjevar oppvekst (tlf 482 75 096).ForeldreportalenDu loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten. Her finn du meir informasjon om foreldreportalen. (PDF, 72 kB) Søknad om barnehageplass:Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Her finn du meir informasjon finn om søknad og opptak. (PDF, 100 kB) Søknad om å bytte barnehageplass:Dersom du allereie har plass, kan du søke om å få bytte til ein annan barnehage. Her finn du meir informasjon om å bytte barnehageplass. (PDF, 76 kB) Det er også utarbeidd eigne lokale rutinar for overgangar (PDF, 39 kB) mellom barnehagane i Sykkylven. Svare på tilbod om barnehageplass:Her finn du meir informasjon om korleis du skal svare på tilbod (PDF, 95 kB) om barnehageplass. Klage på tilbod/avslag om barnehageplass:Her finn du meir informasjon om klagerett og framgangsmåte ved klage (PDF, 82 kB) i samband med tildeling/avslag om barnehageplass. Seie opp barnehageplass:Her finn du meir informasjon om oppseiing av barnehageplass (PDF, 96 kB). Alle som takkar ja til tilbod om barnehageplass pliktar å stadfeste at dei har lest og akseptert vedtektene til barnehagen. Vedtektene til kommunale barnehagar finn du i lenka under:Kommunale barnehagevedtekter (PDF, 112 kB) Vedtektene til dei private barnehagane finn du ved å logge deg inn på heimesida til den aktuelle barnehagen. Barnehagar i Sykkylven finn du her. Nasjonal forskrift om saksbehandlingsreglar skal sikre at opptak i barnehage skjer rettferdig og på ein måte som sikrar søkarane sin rettstryggleik:Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage