
Skulen har stort fokus på trivsel og eit trygt skulemiljø. Elevane kan gå inn på klasseromma frå kl. 08.15 med tilsyn av vaksne, noko som gir ein roleg og god start på skuledagen. Lesing er ei sentral satsing, og i samarbeid med det kommunale biblioteket har skulen eit godt fungerande skulebibliotek.
Elevane møter det same miljøpersonalet både på skulen og i SFO, inkludert miljøarbeidarar og miljøterapeutar, som sikrar kontinuitet og tryggleik gjennom dagen.
SFO er eit aktivt tilbod med faste aktivitetar, og mange elevar deltek i Jippi-koret i SFO-tida. Koret øver i Ikornnes kyrkje og opptrer mellom anna på BUAS. FAU arrangerer aktivitetar som Halloween-fest, julegrantenning, karneval og 17. mai-feiring.
Skulen har fokus på redusert skjermbruk for dei yngste elevane, og 1.–4. klasse nyttar fysiske lærebøker. Skulen ligg nær gode uteområde og Ikornnes idrettsstadion, som blir brukt aktivt i undervisninga.
Sørestranda skule er ein oversiktleg og inkluderande skule med fokus på læring, fellesskap og trivsel.
Besøksadresse: Ikornnesvegen 15, 6222 Ikornnes
Postadresse: Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven