Skulekrinsar og nærskuleprinsippet

Elevane i grunnskulen har rett til å gå på den skulen dei høyrer til, jf. § 8-1 i opplæringslova.

Nærskulane i Sykkylven er dei to kommunale barneskulane med gjeldande opptaksområde som er vedteke i kommunestyret. 

Etter søknad frå føresette kan eleven takast inn ved ein annan skule enn han / ho tilhøyrer. Det er opp til kommunen å avgjere om eleven skal få innvilga søknad om skulebytte. Føresette må normalt sjølv dekke kostnadane dersom val av annan skule fører til auka skysskostnadar.

Kva skule eleven høyrer til, vert avgjort etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til søskenforhold, kapasitet på skulen og særskilt farleg skuleveg. 

Kommunen gjer vedtak om kva skule eleven høyrer til. Vedtak om skulestad inneber klagerett til kommunen, etter reglane i forvaltningslova.

Om føresette søker eleven inn på ein friskule, inneber dette at eleven vert skriven ut av det offentlege skulesystemet. Det er friskulen som gjer vedtak om inntak, så søknaden skal sendast direkte til aktuell friskule.