Skuleskyss for grunnskuleelevar i Sykkylven

Her er kortfatta informasjon om reglane som gjeld rundt skuleskyssen i kommunen. For meir detaljert informasjon, gå inn på knappane over.

  • Ved avvik, send beskriving av tidspunkt, stad / rute og kva som er avviket til bussavvik5@mrfylke.no 
  • For rutetider: Gå inn på https://frammr.no
  • Søknad om skuleskyss for elevar som har kortare avstand mellom heim - skule enn 2 km (1. trinn) og 4 km (2.-10. trinn) grunna særskilt vanskeleg eller farleg skuleveg. Sjå lenger ned i artikkelen kva strekningar som er vedtekne som særskilt farlege/vanskelege i levekårsutvalet 17.10.2023 (PS 36/23).

Søknad om kommunal skuleskyss grunna særskilt vanskeleg eller farleg skuleveg.

Fylkeskommunal skyssordning

I opplæringslova § 7-1 er det slått fast at elevar i 2.-10. trinn som bur meir enn 4 kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. trinn er skyssgrensa 2 kilometer. Denne ordninga vil dei fleste elevar med skyssrett kome inn under. For å berekne avstanden frå heim til skule, vert fylkeskommunen si digitale utrekningsteneste nytta. Ein måler den kortaste avstanden på farande veg frå bustad til opplæringsstad (frå dør til dør). Kortaste veg omfattar, i tillegg til køyreveg, gangvegar og private vegar som er opne for allmenn ferdsel. Ved den automatiske målinga skal det leggast til ein sikkerheitsmargin på 100 meter. 

Føresette må sjølve søke om skuleskyss i første omgang, men skuleskysslistene vert "flytta opp" ved nytt skuleår, slik at det ikkje er nødvendig å søke kvart år. Det er difor viktig at føresette gir beskjed til skulen ved flytting e.l. 

Retten til gratis skuleskyss er knytt til at eleven går på nærskulen sin. Sjå regelverket som gjeld for skuleskyss på Utdanningsdirektoratet si side (Udir-2-2019).

Elevane har rett til skyss etter reglane i  opplæringslova § 7-1 første og andre ledd om skyss i grunnskulen, skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke, § 7-3 og § 7-4 om reisefølge og tilsyn

Elevar i private skular

Elevane har rett til skyss etter reglane i  opplæringslova § 7-1 første og andre ledd om skyss i grunnskulen, skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke, § 7-3 og § 7-4 om reisefølge og tilsyn. Retten til skyss, reisefølge og tilsyn for elevar i grunnskulen gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur (Friskolelova § 3-7). 

Skulebytte

Det er ikkje fritt skuleval i Sykkylven for elevar i grunnskulen. Opplæringslova § 8-1 slår fast at grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen har vedteke skulekrinsgrensene som gjeld.

Elevar kan takast inn på ein annan skule i kommunen enn den eigentlege nærskulen. Føresette må sende ein grunngjeven søknad til kommunen, som fattar enkeltvedtak i slike saker. Kommunen kan setje som føresetnad at skulebyttet ikkje skal utløyse ekstra skysskostnadar for kommunen. Dette betyr at foreldra sjølve vert ansvarlege for skuleskyssen til og frå den nye skulen så lenge eleven er ved denne skulen. Kommunen kan også, i særskilte tilfelle, betale skuleskyss for elevar som ikkje går på nærskulen sin, dersom det er fatta kommunalt vedtak om skulebytte på grunn av skulemiljø eller for å sikre betre tilpassa opplæring. 

Avvik i skuleskyssen

Sidan det er fylkeskommunen som har ansvaret for organiseringa av all skuleskyssen på Sunnmøre, ønsker dei direkte tilbakemelding (helst same dag) på avvik som t.d.

  • Forseinkingar over 10 minutt
  • Innstilte avgangar
  • Bussar som kjem for seint til skulestart

Det er viktig at tidspunkt og stad kjem tydeleg fram, i tillegg til kva som er avviket, slik at fylkeskommunen kan finne ut av kva som har skjedd og ev. gjere nødvendige tiltak.

Avvik sendast pr. epost til adressa bussavvik5@mrfylke.no

Kommunal skyssordning

Nokre strekningar i kommunen er vurdert til å vere særleg farleg skuleveg. Slike strekningar vert vurdert ut i frå omsyn til trafikktilhøve og klima. Vurderinga skal sjåast saman med den enkelte elev sin alder og modnad. Omgrepet "særleg farleg eller vanskeleg skuleveg inneber at faren ved å ferdast på denne vegen er utanom det vanlege. Sjå rettleiinga til Trygg Trafikk om "Særleg farlig eller vanskelig skolevei". 

Dersom avstanden er under skyssgrensa er det kommunen som fattar vedtak og har det praktiske og økonomiske ansvaret. Om det er fylkeskommunen har skyssordning på aktuell strekning, følgjer elevane denne og kommunen betaler eigendel til fylkeskommunen. Les meir om kommunen sitt ansvar når det gjeld skuleskyss i opplæringslova § 13-4.

Rutinar og saksgang ved søknad om skuleskyss grunna særskilt farleg skuleveg

Søknad frå foreldre: Foreldra må ta utgangspunkt i eige barn og sende ein grunngjeven søknad om fri skuleskyss til kommunen. Søknadsskjema om skuleskyss grunna særskilt vanskeleg eller farleg skuleveg. 

Søknaden bør innehalde ei skildring av dei konkrete trafikktilhøva og ei grunngjeving for kvifor skulevegen er særskilt farleg for deira barn ut i frå alder, føresetnader og eventuelle andre relevante forhold som nedsett funksjonsevne eller sjukdom. Innvilging eller avslag på skyss vert fatta som individuelt enkeltvedtak, altså må det søkjast for kvart barn med individuell grunngjeving. Innvilga skyss for eitt barn gir difor ikkje automatisk rett til skyss for søsken. Foreldre kan i utgangspunktet søke om fri skuleskyss heile året.

Kommunen: Kommunen skal behandle søknaden i samsvar med forvaltningslova og fatte eit enkeltvedtak. Vedtaket skal grunngjevast uansett om søknaden vert avslått eller innvilga. Vedtaket med grunngjeving skal sendast til foreldra. I informasjonen om vedtaket skal det også opplysast om at klagefristen er 3 veker frå vedtaket er motteke.

Foreldra har klagerett: Foreldra kan klage på vedtaket. Dei kan imøtegå grunngjevinga frå kommunen og eventuelt kome med fleire opplysningar dei meiner er aktuelle. Klagen på vedtaket skal sendast til kommunen.

Kommunen sitt svar på klage: Kommunen pliktar å opplyse saka, det vil seie å vurdere alle punkta i klagen og om nødvendig gjennomføre undersøkingar eller innhente opplysningar og vurderingar frå andre. Dersom kommunen held fast ved sitt avslag, sender kommunen saka til fylkesmannen i Møre og Romsdal for klagebehandling.

Fylkesmannen: Fylkesmannen fattar det endelege vedtaket.

Generelle vurderingar frå kommunen

Kommunen kan på eige initiativ føreta vurderingar om skulevegar er særskilt farlege eller vanskelege. Mange vel dette fordi det lettar behandlinga av enkeltsakene og fordi det vert opplevd som enklare å samanlikne vegane og føreta ei einsarta vurdering. Kommunen vurderer skulevegen og grunngjev om denne til vanleg kan sjåast på som særskilt farleg, for alle elevar eller eventuelt berre for nokre elevar (vanlegvis dei yngste), for heile året eller delar av året. Kommunen si vurdering bør gjerast kjent for foreldra på dei aktuelle skulane. Moment og grunngjevingar i denne generelle vurderinga kan vere til nytte dersom det kjem søknadar. Det er imidlertid viktig å vere klar over at avslag på skuleskyss etter ei vurdering om skulevegen er særskilt farleg, alltid må vere individuell, dvs. eit vedtak for kvart barn, med individuell grunngjeving.

I Sykkylven kommune vart det i levekårsutvalet 17.10.2023 (PS 36/23) fatta vedtak om at følgjande skulevegar gir rett til kommunal skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg:

Aure skule:

  • Dalevegen (elevar frå området Lyshol, Andestad, Eidem, Kjemphol, Aurdal og delar av Haugset): Vedtaket vert vidareført for elevane på 1.-4. trinn, og gjeld fram til gang-/sykkelveg er på plass. Elevane følgjer fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
  • Haugsetvegen (frå stallen til Nyborg): Gratis skuleskyss for elevar på 1-4. klassetrinn.
  • Klokkehaug/Kyrkjevegen: Gratis skuleskyss for elevar 1.-4. klassetrinn. Gjeld for elevane som må gjennom sentrum for å kome seg til skule. Dvs elevar frå Tynes, Helledalen, Blindheimsbakkane, Blindheim, Vik m.m. som har Kyrkjevegen som kortaste skuleveg.
  • Vikedalen/Høgebøane: Gratis skuleskyss for elevar på 1.-4.klassetrinn. Inkluderer Husnakken og Gjersvegen. Grensa for gratis skuleskyss vert sett til krysset Høgebøane/Nakkegata.
  • Sykkylvsvegen – området Tynesstranda til krysset mot Kyrkjevegen/Blindheim:  Vedtaket vert vidareført for alle trinn.  Elevane følgjer fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
  • Fauskevegen: Gratis skuleskyss for elevar på 1.-4. klassetrinn. Gjeld for elevane som har Fauskevegen som kortaste skuleveg.
  • Ullavikkrysset: Trafikkvakt før skuletid for elevane frå 5.klasse og oppover.

 

Sørestranda skule:

  • Sørestrandvegen – området Svartebekk, Blakstad og Stavestranda: Vedtaket vert vidareført for alle trinn, men gjeld berre dei strekningane som manglar gang-/sykkelveg. Elevane følgjer fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.

 

Hundeidvik privatskule:

  • Sørestrandvegen – strekninga Tusvik-Hundeidvik kai: Vedtaket vert vidareført for alle trinn.  Elevane følgjer fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
  • Gjævenesvegen: Vedtaket vert vidareført for alle trinn. Krev drosjeskyss for elevar til friskulen, men dersom det er elevar som skal til Sykkylven ungomsskule eller Sørestranda skule på strekninga, organiserer fylkeskommunen skyssordning og kommunen betalar eigendel.

 

Velledalen Montessoriskule:

  • Sykkylvsvegen – området Drotninghaug, Lade, Brøvoll: Vedtaket vert vidareført for alle trinn. Elevane følgjer fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
  • Brunstadvegen  («gamlevegen» frå Hole): Vedtaket vert vidareført for alle trinn. Elevane følgjer fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.

 

Ordninga skal evaluerast innan mars 2024.

SFO og skyss

Opphald i SFO er ikkje opplæring i medhald av opplæringslova, og gjev ikkje skyssrett (unntak: Varig og mellombels funksjonshemming, jf. opplæringslova § 7-3). Funksjonshemma elevar med midlertidig eller varig behov for tilrettelagt skyss, har skyssrett mellom bustad og SFO. Elevar som deltek på SFO/leksehjelp kan bydast skuleskyss dersom elevane kan nytte seg av eksisterande skyssopplegg, og dette gjev ei innsparing av skysskostnadar i forhold til reise til ordinær tid.

Barn som deltek på SFO/leksehjelp ved bindande påmelding skal likevel få skysskort til ordinær skuletid etter søknad om dette. Skulen pliktar å orientere føresette/foreldre om dette i samband med at dei søkjer på eller mottek plass på SFO/leksehjelp.

Skyssinformasjon vaksne med rett til grunnskuleopplæring

Vaksne som ikkje har fullført grunnskolen, og som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss når dei får grunnskoleopplæring. Vaksne som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade har behov for det, har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda når dei får grunnskoleopplæring. Sjå opplæringslova §4A-7.

I samband med søknad om skoleskyss må fylkeskommunen få tilsendt kopi av vedtak om at eleven har rett til grunnskuleopplæring etter Opplæringslova § 4a-1. Dersom eleven får tilbod om spesialundervisning etter Opplæringslova § 4a-2, andre ledd, skal det i tillegg vere gjort ei vurdering av PPT om at eleven har rett til slik grunnskuleundervisning. Stadfesting av at PPT har gjort ei slik vurdering må følgje søknaden. 

Vaksne som mottek eit tilbod der hensikta er behandling, aktivisering, rehabilitering, opptrening, tilsyn eller anna kjem utanfor §4A-2, andre ledd, og vil ikkje ha rett til skoleskyss. Den vaksne vil kunne ha rett til skyss etter anna regelverk som t.d. trygdelova eller sosialtenestelova.

Skyssinformasjon ved vaksenopplæring (PDF, 114 kB)

Stadfesting vaksenopplæring (PDF, 106 kB)

Registrering av elevar ved vaksenopplæring (PDF, 571 kB) - brukarmanual for innmeldar ved vaksenopplæringssenteret

Kontaktinformasjon - fylkeskommunal skyss

Dersom ein buss uteblir, køyrer forbi passasjerar, kjem seint (eller tidleg) eller liknande, kan avviket meldast på denne e-postadressa: bussavvik5@mrfylke.no 

Spørsmål om skyssrett m.m. sendast:  skoleskyss@mrfylke.no  

Brukarmanualar for skyssinnmeldar på skulane

Brukarmanualar for innmeldar på skule:

Skyss frå begge føresette (PDF, 466 kB) - brukarmanual

Skyss frå berre ein føresett (PDF, 450 kB) - brukarmanual

Varig tilrettelagt skuleskyss (PDF, 506 kB) - brukarmanual

Informasjon og driftsmeldingar på framsida (PDF, 167 kB) - brukarmanual