Foreldreutval (FAU)

Foreldreutvalet er heimla i opplæringslova og er samansett av klassekontaktene.

FAU skal:

  • Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette.
  • Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø.
  • Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule.
  • Medverke til positiv utvikling av elevane. Ha fokus på inkludering av alle.
  • Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.

På nettsida til Foreldreutvalget til grunnopplæringen kan du lese meir om oppgåvene til FAU.

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet (SU). Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.