Medverknad for elevaneElevdemokrati og medverknad inneber deltaking i avgjerder som gjeld læring, både for kvar einskild og for gruppa. I eit inkluderande læringsmiljø er elevmedverknad positivt for utviklinga av sosiale relasjonar og motivasjon for læring på alle trinn i opplæringa. I arbeidet med faga er elevmedverknad med på å gjere elevane meir medvitne om eigne læringsprosessar, og det gir større innverknad på eiga læring. Sist endra 19.08.2024 16.05 Elevane skal kunne delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa innanfor ramma av lov og forskrift, medrekna læreplanverket ut i frå alder og utviklingsnivå. Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og kome med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. Kvar klasse vel ein tillitsvald og ein vara, som skal vere klassa sin representant i elevrådet.Alle skulane gjennomfører ei ikkje-anonym kartlegging (Spekter-undersøkinga) som fortel korleis klassemiljøet er, slik elevane sjølv oppfattar det. Elevane vert også rådført når det gjeld oppsett av vaktrutinar for friminutt, slik at utsette område vert inkludert i rutinane. Korte, hyppige elevsamtalar gjennom heile året mellom (kontakt-)lærar og elev for å kome i forkant av situasjonar som kan verte utfordrande, eller for at læraren kan undersøke om enkeltelevar har det godt og trygt. Desse samtalane er også viktige for å skape gode relasjonar mellom lærar og elev. Elevane skal oppleve å bli sett og høyrt.Skulen skal gjennomføre minimum to elevsamtalar pr. år mellom kontaktlærar og elev, der begge partar er førebudde.Skulen skal gjennomføre to utviklingssamtalar pr. år mellom kontaktlærar, føresette og elev.