Foresatt-appen Min Skole

Frå 16.08.2021 innfører Sykkylven kommune Visma Flyt Skole sin føresatt-app Min Skole som kommunikasjonskanal mellom føresette og skulen. 

 

  

Transponder ikkje vil vere tilgjengeleg for bruk etter 31.08.2021. 

Les meir om korleis du lastar ned føresett-appen Min Skole og korleis du bruker appen her:

Brukarrettleiing (PDF, 2 MB)

Gjennom denne løysinga vil de som føresette kunne halde dykk oppdatert om det meste av det som skjer på skulen med barna dykkar. Appen vil samsnakke med Visma Flyt Skole, slik at når de melder inn fråvere i appen, vil denne legge seg inn i Visma Flyt Skole. De kan sende meldingar og informasjon til skulen som de gjorde før i Transponder. SFO vil få ei betre registrering av elevane når dei kjem og når dei går.

Nytt er det også at de vil få eit varsel dersom barnet ditt kjem over eit bestemt tal fråversdagar og/eller -timar, eller har fått eit visst tal ordens- eller åtferdsmerknadar.  Årsaka til at vi ønsker å ta i bruk dette varslingssystemet er at det er viktig å fange opp slike ting tidleg for å kunne gå inn og finne måtar å hjelpe eleven på om det er behov for det. Det er altså ikkje eit system som er meint å fange opp fråvere eller merknadar for at elevane skal «straffast». Skulen og føresette kan, når slikt varsel er sendt ut, saman finne ut om det er noko som kan gjerast for at eleven kan vere mindre borte frå skulen, eller at det vert enklare å halde god orden og handtere skulekvardagen best mogleg.

Fråvere, meldingar, dokument og alle registreringar som vert gjort i det eine systemet, vil altså spegle seg i det andre. De vil få dokumentasjon på at informasjon er sendt, og stadfesting på at informasjonen er lest av dei tilsette som de har sendt meldinga til.

Ein skjemafunksjon vil erstatte «ranselposten» og opne for ja/nei- skjema, fleirvalsskjema og prioriteringsskjema slik at de kan svare på spørsmål frå skulen om t.d. ønska aktivitetar, påmeldingar, etc. på enkel og rask måte. SFO vil få god oversikt og informasjon om når elevane skal vere på SFO, også i skuleferiane.

Nedlasting av app

For å laste ned appen, går de til den vanlege app-nedlastinga (avhengig av om dei har Iphone eller Android-telefon) og søker opp «Min skole – foresatt». For føresette er denne appen blå. Dei tilsette på skulen vil ha ein grøn app som heiter «Min Skole – ansatt».

Appen kan lastast ned no, og Sykkylven kan søkast opp. Vi oppmodar alle føresette om å laste ned appen og logge seg inn så snart som råd. SMS, Messenger o.l. og e-post skal ikkje nyttast i kommunikasjonen mellom heim og skule.

Ein må logge inn med ID-Porten første gang, og ca. ein gong pr. 3 månad deretter.

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post