Tilsett - app Min Skole

Frå 16.08.2021 skal tilsette nytte Visma Flyt Skole-appen Min Skole i kommunikasjonen mellom heim og skule.

 

 

Transponder vil ikkje kunne nyttast etter 31.08.2021.

Sjå meir informasjon om bruken av appen i brukarrettleiinga. (PDF, 2 MB) Hugs at de alltid finn rettleiingar i spørsmålsteiknet oppe i høgre hjørne når de er inne i VFS

Denne løysinga inneheld det meste av det både skule/SFO og dei føresette treng for å vere oppdatert på elevane sin kvardag. Fråvere, meldingar, dokument og alle registreringar som vert gjort i det eine systemet, vil spegle seg i det andre. Meldingar vil automatisk verte lagra inne på eleven , og fråvere legg seg inn sjølv. De vil altså sleppe å dobbeltregistrere og sikre utskrift av viktig dokumentasjon. Basen er Visma Flyt skule-systemet, og alt på som skjer i appen kan styrast frå dette systemet frå både pc, nettbrett og/eller mobil.

Nytt er det også at de vil få eit varsel dersom ein av elevane du har ansvar for, kjem over eit bestemt tal fråversdagar og/eller -timar, eller har fått eit visst tal ordens- eller åtferdsmerknadar.  Årsaka til at vi ønsker å ta i bruk dette varslingssystemet er at det er viktig å fange opp slike ting tidleg for å kunne gå inn og finne måtar å hjelpe eleven på om det er behov for det. Det er altså ikkje eit system som er meint å fange opp fråvere eller merknadar for at elevane skal «straffast». Skulen og føresette kan, når slikt varsel er sendt ut, saman finne ut om det er noko som kan gjerast for at eleven kan vere mindre borte frå skulen, eller at det vert enklare å halde god orden og handtere skulekvardagen best mogleg.

SFO-tilstedeværelse må registrerast inne i Visma Flyt skole, men dette kan gjerast via både mobil, nettbrett eller pc. Ein kan altså ikkje registrere tilstedevære direkte i appen. Føresette brukar appen til å melde frå om fråvere. 

De vil få dokumentasjon på at informasjon er sendt ut, og stadfesting på at informasjonen er lest av føresette/tilsette. Ein skjemafunksjon vil erstatte «ranselposten» og opne for ja/nei- skjema, fleirvalsskjema og prioriteringsskjema slik at de kan få svar frå føresette på enkel og rask måte. SFO vil få god oversikt og informasjon om når elevane skal vere på SFO, også i skuleferiane. Med meir.

Nedlasting av app

For å laste ned appen, går ein til den vanlege app-nedlastinga (avhengig av om dei har Iphone eller Android-telefon) og søker opp «Min skole – ansatt». For dei tilsette er denne appen grøn. Føresette går fram på same måten, men søker opp «Min Skole – foresatt» og appen er blå. Appen kan lastast ned no, og Sykkylven vil bli synleg i nedtrekkslista.

Ein må logge inn med ID-porten første gang, og ca. ein gong pr. 3 månad deretter. Elles er det pålogging med Feide.

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post