Eksamen i grunnskulenInformasjonsside om sentralt gitt skriftleg eksamen og lokalt gitt munnleg eksamen. Sist endra 20.08.2024 10.18 Skriftleg eksamenSentralt gitt eksamen i grunnskulen er omtalt i opplæringsforskrifta kapittel 9 V.Alle elevar på 10. trinn i grunnskulen vert trekt ut til skriftleg eksamen i anten norsk (både hovudmål og sidemål), matematikk eller engelsk.Skriftleg eksamen kan ha ein førebuingsdel. Informasjon om dette finn du i eksamensplanen.Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for oppgåvene, rettleiinga av sensorane, og sensuren. Ytterlegare informasjon om eksamen og eksamensdatoar finn du hos Udir.Datoar for skriftleg eksamen i grunnskulen.Datoar for skriftleg eksamen i vidaregåande skule Munnleg eksamenRetningslinjer (instruks) for munnleg eksamen Nordre Sunnmøre. (DOCX, 77 kB)Regelverk for gjennomføring av munnleg eksamen frå Utdanningsdirektoratet.Alle elevar på 10. trinn i grunnskulen vert trekt ut til munnleg eksamen.Sykkylven kommune er ansvarleg for munnleg eksamen, men samarbeider med kommunane i Nordre Sunnmøre med støtte frå Sunnmøre regionråd. Det er lærarane på skulane som utarbeider forslag til eksamensoppgåver.Eksamensfag vert opplyst om 48 timar før eksamen. Elevane trekkjer tema/problemstilling til førebuing 24 timar før eksamen. Eksamen er på inntil 30 minutt, og vert gjennomført individuelt. Dato for munnleg eksamen: Ta kontakt med skulen din.Treng du særskilt tilrettelegging?Elevar som meinar dei har krav på særskilt tilrettelegging av eksamen, skal søke skulen om dette i god tid før eksamen. Skulen set ein frist for dette. Sjå § 9-34 Særskild tilrettelegging av eksamen i opplæringforskrifta.Klage på eksamen eller standpunktkarakterarDersom du skal klage på eksamen eller på standpunktkarakterar, må du ta kontakt med skulen din. Det er ikkje klagerett på undervegsvurderingar og halvårsvurderingar.Klagebehandling for grunnskulen Klagebehandling for vidaregåande