Entreprenørportalen - for rørleggarar og entreprenørarAlle rørleggarar og entreprenørar må melde frå om arbeid som blir utført. Sykkylven kommune krev at dette blir gjort digitalt via Entreprenørportalen. Publisert 20.06.2025 13.26 Sist endra 29.04.2026 11.59 Som rørleggar eller entreprenør har du ansvar for å melde frå om arbeid på veg, vatn- og avløpsnettet. Meldinga skal sendast via Gemini Entreprenørportalen: Gå til EntreprenørportalenBerre godkjende føretak som er registrerte i Entreprenørportalen kan sende inn søknadar på vegne av tiltakshavar. Kva finn du i portalen? I Entreprenørportalen finn du digitale skjema og søknadar for: Ny tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg (sanitærsøknad) Søknad om utsleppsløyve - skal brukastSøknad om industripåsleppMelding om sikring mot tilbakeslag Midlertidig tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg Avslutte eller plugge tilkoplingReparasjon, endring eller tilleggstiltak på eksisterande sanitæranlegg Melding om utført arbeid etter pålegg Ferdigmelding - melding om utført arbeid Installering av vassmålar Gravemeldingar og løyverSøknadsplikt for VA-anlegg Vi har laga eit retningsgivande dokument som skildrar kva VA-tiltak som er søknadspliktige etter plan- og bygningslova. Dokumentet viser til vurderingar gjort av bygningsmyndigheita. For tiltak som ikkje er omfatta av skildringane, må aktørane vurdere søknadsplikt sjølv eller be om særskilt vurdering av bygningsmyndigheita. Les rettleiinga for kva som er søknadsplikte VA-tiltak (PDF, 88 kB)