Graving i kommunal veg

Skal du grave i eller ved ein kommunal veg eller veggrunn, på kommunal eigedom eller i nærleiken av kommunale vatn- og avløpsledningar eller andre tekniske anlegg, må du ha løyve frå kommunen før arbeidet startar. Veggrunn omfattar mellom anna køyrebane, fortau, gang- og sykkelveg, vegskulder og grøft.

Søknad må sendast inn minst 5 dagar før planlagt oppstart via kommunen sin digitale søknadsskjema. Det er som regel entreprenøren eller den som skal utføre arbeidet som sender inn søknaden.

Kvifor må du søke?

Graving kan skade leidningar og kablar i bakken, svekke vegen eller skape farlege situasjonar for trafikantar. Kommunen må vite kvar og korleis arbeidet skal utførast for å kunne vurdere sikkerheit, framkomst og korleis området skal settast i stand.  

Søknadsskjema graveløyve

Dette må søknaden innehalde

  • Kven som er ansvarleg: namn om kontaktopplysningar til tiltakshavar og den som utføre arbeidet. Vi treng ein kontaktperson både under arbeidet og ved oppfølging etterpå. 
  • Kvar du skal grave: adresse og eit kart eller ei skisse som viser graveområdet, grøftetrasè og eventuelle kryssingar av vegen. Dette gjer det mogleg å vurdere plasseringa opp mot veg og tekniske anlegg. 
  • Kva du skal gjere: ei kort skildring av arbeidet, til dømes legging eller reparasjon av leidning og kabel. Oppgi lengda på grøfta og om området har asfalt, grus eller anna dekke. Vi bruker dette til å vurdere utføringa og krava til istandsetting. 
  • Når arbeidet skal skje: planlagt start- og sluttdato. Tidspunktet er viktig for å samordne arbeid i vegområdet og vurdere ulempene for trafikantane. 
  • Korleis trafikken blir påverka: oppgi om arbeidet rører fortau, gang- og sykkelveg eller kollektivtrafikk, og om vegen må stengast heilt eller delvis. Beskriv korleis gåande, syklande, køyrande og naudetatar skal kome fram. 
  • Korleis området skal settast i stand: beskriv korleis grøft, vegdekke, grøft for overvatn og eventuelle andre berørte areal skal tilbakeførast. Dette er nødvendig for at vegen skal fungere trygt etter arbeidet.

Før du startar å grave

Du må vente til du har fått løyve frå kommunen før arbeidet startar. 

Før graving må du skaffe deg oversikt over leidningar, kablar og andre installasjonar som kan ligge i grunnen. Du kan kontakte aktuelle leidningseigarar (f.eks. Sykkylven Energi) for å få nødvendige opplysningar. 

Kva kostar det? 

For pris sjå gebyrregulativ tekniske tenester.

Skal du grave ved ein fylkesveg? 

Sykkylven kommune gir graveløyve for kommunale vegar. Skal du grave i eller ved ein fylkesveg, må du kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Er du usikker på om vegen er kommunal eller fylkeskommunal, kan du sjå oversikt over vegar på Statens vegvesen si side.