Sykkylven sentrum
07:00 - Salutt
08:00 - Speidarane heiser flagget på Klokkehaugen til musikk av Sykkylven Janitsjarorkester
08:15 - Sykkylven Janitsjarorkester spelar i gatene
10:00 - Gudsteneste i Sykkylven kyrkje. Flaggborg ved Speidarane. Prest Jonas Richter Fjeld.
Organist Tor Einar Steinsvik.
11:00 - 17. mai toget stiller opp med front mot kyrkjekrysset og oppover langs Coop Extra.
Rekkefølge: Ordførar - Lensmann - Sykkylven speidargruppe med flaggborg, Sykkylven kommunestyre, Sykkylven Janitsjarorkester - Velledalen Montessoriskule - Aure barneskule - Hundeidvik privatskule - Sørestranda skule - Sykkylven skulekorps - Krikane BHG - Tryggheim BHG - Ikornnes FUS - Vikedalen BHG - Ullavik BHG - Sykkylven IL - Russen 2026 - Andre.
11:15 - Toget startar og tek til venstre inn Kyrkjevegen til Roaldhjørnet. Tek til venstre opp Storgata til Kiwi hjørnet. Tek til venstre ut Skulegata og rundar Power ned til rundkøyringa ved kyrkja. Tek til venstre inn Kyrkjevegen igjen og går opp til rådhuset. Tek til høgre nedover til Buas, der det vert eit noko lengre stopp.
Oppstilling ved Buas: Toget går rundt rundkøyringa, flaggborga stoppar ved hjørnet av Trygdebustadane. Folk står roleg i toget der dei er.
Sykkylven skulekorps marsjerer fram langs toget til rundkøyringa og barnehagane følgjer på. Korpsa spelar marsjar. Ordførar Olav Harald Ulstein held appell. Korpsa spelar og vi syng «Ja vi elsker dette landet» før toget går vidare tilbake til Rådhuset og ut til Kyrkjeparken.
12:15 - Program i kyrkjeparken
Minneord og kransenedlegging over deltakarar i Fridomskrigen 1940-45 ved Minnesteinen i kyrkjeparken. Heimevernet er med, ordførar Olav Harald Ulstein, Sykkylven Janitsjarorkester og Sykkylven skulekorps tek del. Hornsignal.
Allsong: Ja, vi elsker dette landet. Korpsa speler til.
Helge Standal held tale for dagen.
Sykkylvsrussen 2026 held appell
Allsong: Heimbygda, Sykkylven Janitsjarorkester speler til.
Sykkylven kulturhus
18:00 - Sykkylven Janitsjarorkester med dirigent Tom Venås-Gontier inviterer til Nasjonal Festkonsert. Gjester: Stine Regina Tusvik og Ilona Ruseckaite-Lapinskiene. Konferansier: Margrethe Velle Ødegård. Kafé frå kl.17:00.
Frivilligsentralen
08:00 - Frukost for speidarane
11:00 - Open kafè for alle
Straumgjerde
08:00 - Flaggheising ved tidlegare Tandstad skule
08:15 - Flaggheising ved Ungdomshuset Vaarvon
15:00 - Arrangement på Ungdomshuset Vaarvon, Markering av at Bautaen etter Henrik Straumsheim, som no er flytta til Ungdomshuset Vaarvon.
Ordførar med helsing frå kommunen, og snorklipping.
Historisk attersyn om bautaen v/ Kjell Løseth
Solosang av Heimbygda v/ Geir Straumsheim
Diktlesing, Ro stilt langsmed landet v/ Hilde Straumsheim
Allsong av Opningssongen som Henrik Straumsheim skreiv i 1912.
Litt å bite i og kaffi.