Asfaltering Kyrkjevegen og mellom rundkøyringane ved kyrkjaI veke 19 vert det asfalteringsarbeid på Kyrkjevegen i området frå krysset ved Cirkle K til Klokkehaugen. Det vil også bli lagt ny asfalt på vegen i mellom rundkøyringane ved kyrkja. Publisert 30.04.2026 13.35 Sist endra 30.04.2026 13.58 Kyrkjevegen vert stengt for gjennomkøyring frå og med søndag 3. mai kl. 18 fram til den kan opnast igjen. Vi ber om forståing for dette og at ein nyttar omkøyringsvegar når arbeidet pågår. Det blir lagt til rette for tilkomst til bustadane langs vegen så langt det praktisk let seg gjere.Arbeidet mellom rundkøyringane starter sannsynlegvis opp tysdag morgon.Det vil denne veka også pågå gravearbeid i Storgata og vegen vil i ein periode vere stengt ved Helsehuset. Omkøyring vert via Auregata.