Avslutningsfase for omstillingsprogrammetSykkylven kommune går no inn i avslutningsfasen av omstillingsprogrammet for perioden 2021 - 2026. Arbeidet rettar seg no mot å realisere effektmåla i omstillingsplanen, og å legge grunnlaget for vidare næringsutvikling utan ekstraordinære midlar. Publisert 21.05.2025 13.04 Sist endra 21.05.2025 13.05 Omstillingsprogrammet Sykkylven kommune har omstillingsstatus frå 2021 til og med 2026, med mål om å bidra til å skape nye og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven i denne perioden. Bakgrunnen for å søke status som omstillingskommune var ønske om å utvikle ei bredde i næringslivet i Sykkylven, for å redusere den sårbarheita som kjem av ein einsidig næringsstruktur. Omstillingsprogrammet ønska å bidra til ei vidareutvikling av eksisterande bedrifter og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar og slik bidra til eit meir robust næringsliv som er berekraftig inn i framtida. Omstillingsarbeidet skal òg bidra til å styrke Sykkylven sin attraktivitet som næringslivs- og bustadkommune.Avslutningsfase for omstillingsprogrammetVi går no inn i ei avslutningsfase for omstillingsprogrammet, der føremålet er at kommunen og næringslivet lukkast i å realisere effektmåla i omstillingsplanen. Vi skal i perioden juni 2025 – oktober 2025 gjennomføre eit forstudie- og forprosjekt der målet er å få innspel til plan for næringsutvikling samt avklare framtidig organisering av næringsutviklarrolla. Kommunedirektøren har ansvaret for gjennomføringa av prosjektet og har invitert inn ei rekke aktørar i næringslivet til å bidra med innspel i den prosessen som no går i gang. "Omstillingsarbeidet er langsiktig. I avslutningsfasen no skal vi finne ut korleis vi skal jobbe vidare med næringsutvikling utan ekstraordinære midlar. Eg ser fram til mange gode samtalar rundt dette med næringsaktørane." - Torbjørn Ove Emblem, kommunedirektør.