Bedriftseigar eller bedriftsleiar i Sykkylven? Delta på næringslivsundersøkinga

For å få ein årleg temperaturmålar på kor godt vi treff i vårt næringsutviklingsarbeid invitera vi deg som bedriftseigar og bedriftsleiar til å svare på næringslivsundersøkinga vår. 

I Sykkylven kommune ser vi på næringsutviklingsarbeid som ein viktig del av kommunen sitt arbeid for eit godt lokalsamfunn. Vi er opptekne av å vere ein god samarbeidspartnar for næringslivet, og ha dialog med aktørar i næringslivet på fleire måtar gjennom året. 

I løpet av dei nærmaste dagane vil det komme ein e-post med lenke til undersøkinga, alternativt så kan du følgje den lenka her og svare på undersøkinga med ein gong.

Gå til undersøkinga

Vi håpar at du vil ta deg tid til å dele dine meiningar, slik kan vi få moglegheit til å skape eit enno betre samarbeid og betre legge til rette for utvikling og vekst i kommunen vår. 


På førehand takk!


Med vennleg helsing, 
Torbjørn Ove Emblem, kommunedirektør