I dag, 23.februar fekk Sykkylven kommune besøk frå arbeids- og inkluderingsdepartementet. Statsråd Kjersti Stenseng med ein delegasjon har ønske om ny kurs og retning rundt om i kommunane.
Stenseng sa blant anna dette under besøket;
- Vi har ikke lykkes godt nok med integreringen når vi ser at innvandrere er overrepresentert blant arbeidsledige, blant dem som lever i lavinntekt og som bor i områder med levekårsutfordringer. Vi trenger en ny kurs og er i gang med å lage ny strategi for integrering. Da trenger vi innspill.
- Jeg skal besøke små og store kommuner, og på mandag i Sykkylven. Det er fordi jeg vet at Sykkylven har tatt gode grep for å møte utfordringer på integreringsfeltet og for å få innvandrere i jobb og aktivitet. Vi skal møte ansatte i kommunen, voksenopplæring, NAV, frivillige organisasjoner og næringslivet, som Ekornes. Ikke minst skal jeg snakke med noen av dem som har kommet som flyktninger til Norge, og få høre om deres erfaringer. Det ser jeg frem til.
Besøk i Jettegryta
Dagen starta med besøk i Jettegryta. Her fekk statsråden servert lunsj og Hanne Støylen fortalde korleis Flyktningtenesta arbeider målretta for å finne eigna praksis- og språkplassar for kvar enkelt deltakar i introduksjonsprogrammet. Jettegryta er ei suksesshistorie som har fungert godt som arbeidstrening for særleg kvinner. Førre veke vart tilbodet utvida frå to dagar i veka, til å vere ope alle kvardagar. Ein har lukkast med å overføre drifta frå Flyktningtenesta til å ha ein fast tilsett som har ansvar for dagleg drift.
Vaksenopplæringa
Her fekk statsråden møte ei relativt nyankomen gruppe deltakarar som starta i introduksjonsprogrammet i januar. I tillegg fekk ho besøke ei gruppe deltakarar utan skulebakgrunn som er godt i gong med bokstavlæring og munnleg språktrening.
- Vi vil høre om detsom fungerer og det som ikke fungerer. Den nye strategien skal synliggjøre hva regjeringen gjør, og vil gjøre, for å fjerne og forebygge barrierer som hindrer full deltakelse for innvandrere og deres barn. Vi skal stille krav, men også stille opp for dem som trenger det, sa statsråden.
Clara Aarseth-Strømmegjerde, avdelingsleiar Sykklven vaksenopplæring, fortalde om korleis norskopplæringa er bygd opp, med tilpassa kurs på dag- og kveldstid. Dette blir gjort i tett samarbeid med lokalt næringsliv og ut i frå behov. Noko ein ser på som ein styrke.
Bedriftsbesøk
Delegasjon besøkte videre ei av dei mange bedriftene som gjer ein viktig innsats i inkluderingsarbeidet, Ekornes. Her fekk delegasjonen frå departementet møte tidlegare introduksjonsdeltakarar som fortalde si historie og erfaringar med å vere nye i Sykkylven kommune, og korleis kommunale tenester og verkemiddelaparatet har vore viktige for integreringa.
Strategimøte
Dagen vart avslutta med eit strategimøte. Her vart det lagt fram uttalar frå Industri- og Næringslaget, NAV Sykkylven-Stranda, Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa.
Det vart lagd vekt på at språk er alfa omega for all integrering, korleis verkemiddela kan nyttast på beste måte for å få folk i arbeid, og kva for barrierar ein møter til dagleg i dette arbeidet. Karoline Lied, NAV, la fram tal og tabellar som tydeleg viser at dette ikkje berre er prat, men heilt reelt. I Sykkylven ligg vi over forventa resultat, og over gjennomsnittet elles i Møre og Romsdal. Takka vere dyktige tilsette på alle nivå!