Bli lærling hos oss!Vil du ta steget ut i arbeidslivet i eit trygt og utviklande miljø? Sykkylven kommune har ledige lærlingsplassar i barne- og ungdomsarbeidrfaget, helsearbeiderfaget, ernæringskokkfaget og IT-driftsfaget. Publisert 12.02.2026 14.11 Sist endra 12.02.2026 14.11 Søknadsskjema Søk læreplass i Sykkylven kommuneSøknadsfrist er mandag 2. mars.Ei meiningsfull læretidÅ vere lærling hos oss betyr at du får: Variert og praksisnær opplæringTett oppfølging frå faglege rettleiarar Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Verdifull erfaring som gir deg solide karrieremoglegheiterVi satsar på lærlingane våre og ser på dei som ei viktig investering i framtida, både for kommunen og for lokalsamfunnet. For meir informasjon, sjå nettsida til Sunnmøre kommunale opplæringskontor. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt.