Sykkylven kommune er i gang med å legge grunnlaget for arbeidet med budsjett og økonomiplanen dei neste fire åra.
Kvar står vi i prosessen og kva er framdriftsplanen
Framdriftsplanen i budsjett og økonomiplanarbeidet vart handsama i f.sak 52/25 og i kommunestyret på førstkomande mandag 29.september. (sjå sak 60/25)
- Kommunedirektøren legg fram sitt framlegg til budsjett og økonomiplan den 10.november. Etter den tid er det politisk handsaming av budsjettet.
- Budsjettet vert handsama i råd og utval i veke 47.
- Formannskapet gjev si innstilling til budsjettframlegg i møte den 27.november. Det er formannskapet som gjev innstilling til kommunestyre, ikkje kommunedirektøren.
- Etter at formannskapet har lagt fram si innstilling, vert framlegget til budsjett og økonomiplan lagt ut til offentleg ettersyn, slik at innbyggjarane kan kome med uttale. Den viktigaste fasen er før formannskapet vedtek si innstilling.
- Kommunestyrehandsaminga er den 15. desember.
Måndag 22.september var politikarane i Sykkylven invitert til eit dialogmøte om dei økonomiske utfordringane i kommunal sektor, og i Sykkylven kommune. Dette var eit verbalt møte der ein informerte om økonomirapporten for 1.halvår og komande 3.kvartal status.
Den viktigaste bodskapen var at Sykkylven kommune må redusere kostnadane og tenestenivået, samstundes med at ein aukar inntektene. Tenestene innan eldreomsorga må likevel aukast. Det betyr at det er dei lovpålagte tenestene som står i fokus, samt at inntektene innan eigenandelar, rammetilskot og ulike skatteinntekter må opp.
Kva er utfordringsbildet slik vi kjenner det i dag?
- Sykkylven kommune har ei drift som ligg ca. 20 millionar kroner høgare enn inntektene.
- Sparepengane til kommunen (disposisjonsfondet) vert meir enn halvert i løpet av dei 2024 og 2025.
- Ut frå dei føresetnadene vi kjenner i dag, må Sykkylven kommune, i løpet av dei komande åra, frigjere ca 40 millionar kroner frå drifta for å få ein bærekraftig kommuneøkonomi.
- Kommunedirektøren vurderer det som svært krevjande å finne økonomisk balanse for alle dei fire åra i økonomiplanperioden. Det er eit krav for ikkje å kome inn i ROBEK-registeret (statleg styring).
Kva er årsaka til denne situasjonen?
Gjeldsbelastninga
Gjeldsbelastninga til Sykkylven kommune er høg etter dei siste åra sine investeringar, der Aure skule utgjer den største enkelt investeringa på ca 300 million. Kombinert med fortsatt høg rente gjev dette høge finanskostnader.
Redusert inntektsvekst
Overføringane til Sykkylven kommune og skatteinntektene har ikkje vore på nivå med den utgiftsveksten vi har hatt i kommunal sektor. Statsbudsjettet for 2026 vert lagt fram 15.oktober og det er knytt stor spenning til overføringane til kommunane i dette framlegget.
Auka utgifter i individuelle lovfesta tenester.
Det er ein vesentleg auke i behov og utgifter til både yngre og eldre brukarar. Dette handlar om tyngre tenester med store ressursar. Dette gjeld både barnevern, dels i skule og barnhage og mest innanfor pleie- og omsorgstenestene. Dette er lovfesta tenester.
Denne situasjonen. kombinert med at vi har problem med å rekruttere folk til tenestene, fordyrar drifta med vikarutgifter og utgifter til overtid.
Kva vil dette bety for innbyggjarane?
Administrasjonen vil arbeide vidare med eit budsjett, og ein økonomiplan for 2026 – 2029. Målet er at Sykkylven kommune fortsatt skal ha eit godt tenestetilbod for alle innbyggjarane, sjølv om ein del tilbod og tenester må korrigerast og tilpassast ein berekraftig kommuneøkonomi. Vi ser på mangle ulike tema og tenester som gjeld både utgift- og inntektssida i kommunen.
Mandag 22. september viste vi nokre av ulike tema vi ser på, så det vil endre seg under vegs framover.
Nokre tiltak vert sett i gang, medan andre ikkje vert med vidare.
Det er ikkje noko framlegg eller beslutningar som er gjort, og det er det politikarane som skal ta endeleg stilling til, og vedta budsjettet for neste og komande år.
Kommuneøkonomien i nesten alle kommunar er under sterkt press, til liks med Sykkylven. Det gjev utfordringar på mange område for å sikre fortsatt gode tenester.
Dette er og ein svært krevjande situasjon for politikarane.
Budsjettet for Sykkylven kommune vert vedteke i kommunestyre den 15.desember og det vert ein god og inkluderande prosess fram til då.
Mvh Torbjørn Emblem
Kommunedirektør