Busettings- og integreringsprisen 2025

Sidan 2019 har Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) delt ut Bosettings- og integreringsprisen. Prisen går til kommunar som gjer ein ekstra god jobb med å busette og integrere flyktningar. 

I år er Sykkylven kommune nominert! 

For å bli nominert må kommunane: 

  • vise til gode resultat for tidlegare deltakarar i introduksjonsprogrammet.
  • ha eit sterkt engasjement i busettingsarbeidet og busette etter gjeldande behov. 
  • utvikle gode tiltak for å fremme busetting. 
  • samarbeide med arbeidsgivarar, frivillige og andre aktørar for å styrke introduksjonsprogrammet
  • gjerne ha eigne tiltak for kvinner

Kvifor Sykkylven utmerkar seg

I vurderinga til IMDi trekk dei fram følgande om Sykkylven kommune: 

Sykkylven kommune kan vise til en fleksibel og rask bosetting av flyktninger. Kommunens Flyktningtjeneste har ansvar for å koordinere dette arbeidet, og involverer helsestasjonen og flere andre relevante tjenester. Dette gjør de i god tid før flyktningene bosettes i kommunen, slik at flere som kommer til kommunen får rask og god oppfølging. 

Sykkylven utmerker seg med ulike tiltak for nyankomne i etableringsfasen. De har en egen helsesykepleier tilgjengelig for flyktningene, dekker fritidsaktiviteter for barna og tilbyr svømmeopplæring. 

Kommunen har et svært tett samarbeid med lokalt næringsliv, og arbeidsgivere involveres i enkelte tilfeller i kartleggingen av deltakerens kompetanse. Særlig har samarbeidet mellom hjørnesteinsbedrift Ekornes AS, Nav og Flyktningtjenesten resultert i mange arbeidsplasser, etter at flyktningene har fullført introduksjonsprogrammet (der deltakerne lærer norsk, får kunnskap om samfunnet og arbeidslivet).”

Gode tiltak som gjer Sykkylven unik 

IMDi trekk også fram andre viktige faktorar som gjer at arbeidet i Sykkylven skil seg ut:

Samarbeid med lokalt næringsliv 

Norskopplæringa blir tilpassa behova i bedriftene. Kursinnhald og tidspunkter blir lagt opp etter arbeidslivet, også som kveldskurs. Ved å tilby kveldskurs legg ein til rette for vidare utvikling av språket også etter overgangen til arbeid. 

Bruk av kommunalt næringsapparat i integreringa 

Mange flyktningar har vore sjølvstendig næringsdrivande i heimlandet. Derfor var kunnskap om korleis drive eiga verksemd viktig. Med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune fekk kommunen etablert “Mentor- og traineeordning” der deltakarane får opplæring i korleis dei kan bruke næringsapparatet som Sykkylven Næringsutvikling (SNU) og Hoppid. Fleire har no starta eigne verksemder, og fem personar frå oppfølging frå Hoppid-kontoret. 

Kafeen Jettegryta på BUAS

Jettegryta er ein open møteplass og eit første steg inn i arbeidslivet - særleg for kvinner. 

Her får deltakarane: 

  • språk- og arbeidstrening innan servering og service 
  • høve til å bli kjent med omsorssenteret og omsorgsyrket

Sosialt fellesskap og frivillig innsats 

Sykkylven har eit breitt samarbeid mellom kommunen, frivillige organisasjonar og arbeidsgivarar. Ei heilheitleg satsing er viktig for å skape eit godt grunnlag i integreringsarbeidet, både arbeid, språk og fritid er viktig for integrering. 

Frivillige organisasjonar som Redd Barna, Røde kors, Frivilligsentralen, SIL og Gi Glede er viktige støttespelarar, og bidreg med leksehjelp, språkkafè, symjing og turar. 

Heile Sykkylven bidreg til eit inkluderande miljø. Uten engasjerte arbeidsgivarar, gode naboar, rause huseigarar og frivillige hadde dette ikkje vore mogleg.

Dette er ein nominasjon heile kommunen kan vere stolte av.