Eigenberedskapsveka 2025 - nyttig informasjon og gode råd!Eigenberedskapsveka 2025 vert markert over heile landet med arrangement og ulike informasjonstiltak i veke 44, frå 27.10 - 2.11.Årets fokus er felles eigenberedskap og beredskapsvenn. Målet er at alle tenker gjennom kva ein sjølv kan førebu og legge til rette for å kunne klare seg godt sjølv ved ei krise eller katastrofe. Det vil gjere både oss sjølve og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere det som kan oppstå.Alle treng likevel ikkje å gjere alt åleine. Publisert 27.10.2025 13.08 Sist endra 27.10.2025 13.08 Kven kan du få hjelp av og kven kan du hjelpe Det kan vere lurt å samarbeide med familie, venner eller naboar. Få deg ein beredskapsvenn og ver ein beredskapsvenn. Finn ut kven du kan hjelpe og også kven du kan få hjelp av.Dette kan beredskapsvenner hjelpe kvarandre med:førstehjelp ved skaderomsorg og støtteopphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustadoversetting og forklaring av informasjon frå styresmakteneulik praktisk hjelpinnkjøp, bering og transportog meir… Ressursar frå DSBDSB gir god oversikt over nyttige tiltak her. Bruk råda og tipsa og å gå gjennom din eigenberedskap. Lokalt i SykkylvenI Sykkylven hadde vi også fokus på eigenberedskap under folkemøtet i september.Her orienterte både statsforvaltar ElseMay Botten, politimeister Ingar Bøen og kommunedirektør Torbjørn Emblem.Møtet var godt besøkt og fekk gode tilbakemeldingar. Alle som deltok var med på trekninga av utstyr til beredskapslageret sitt.Kai Lennart Alnes vann beredskapskasse SH I år la DSB den nasjonale opninga av eigenberedskapsveka til Møre og Romsdal og Molde, måndag 27.10 kl 11-12.Du kan sjå opptak frå sendinga her