Eigenberedskapsveka 2026

Kvar får du viktig informasjon dersom mobilnett og internett sluttar å fungere? 

Eigenberedskapsveka 26. oktober - 1. november handlar i år om å vere førebudd på nettopp dette. Målet er at både kommunen og innbyggarane skal vere bedre førebudde på situasjonar der vi ikkje kan få informasjon gjennom dei kanalane vi brukar til dagleg. 

Her kan du få informasjon i Sykkylven 

Ved ei krise der mobilnett eller internett ikkje fungerer, vil kommunen gi informasjon på desse stadane:

  • Ved Frivilligsentralen/biblioteket i Aure sentrum. Dette er informasjonspunktet i Sykkylven kommune.
  • Ved rådhuset. Her blir informasjon gitt på oppslag. Dette informasjonspunktet er ubemanna. 

Informasjonspunkta blir merkt med ein gul plakat. Gjer deg kjend med kvar dei er, slik at du veit kvar du kan finne informasjon dersom nettet blir borte. 

Les meir om korleis du får informasjon under ei krise i Sykkylven.

Du er ein viktig del av beredskapen

Vi oppmodar deg til å bruke Eigenberedskapsveka til å gjere nokre enkle førebuingar. 

DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har laga sju enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett. 

God eigenberedskap gjer at du og familien din kan klare dykk sjølve ei periode dersom viktige tenester blir utilgjengelege. Samtidig gjer det at kommunen og naudetatane kan prioritere dei som treng hjelp aller mest.

Her er nokre av råda:

  • Ha ein radio som fungerer utan straum frå stikkkontakt. Ein DAB-radio med batteri, solceller eller sveiv kan gi deg viktig informasjon. NRK P1 er beredskapskanalen. 
  • Avtal ein møtestad. Snakk med familie og venner om kvar de skal møtast dersom de ikkje får kontakt på telefon. 
  • Skriv ned viktige telefonnummer. Ei liste på papir er nyttig dersom du må låne ein telefon. 
  • Hald batteribanken lada. Ha også ekstra batteri til radioen.
  • Avtalt korleis de kan hjelpe kvarandre. Snakk med ein nabo, venn eller familiemedlem om kva de kan bidra med, og kva utstyr de kan dele. 

Ver merksam på kvar informasjonen kjem frå. Bruk informasjon frå styresmaktene og redaktørstyrte medium, og unngå å spreie rykter eller opplysningar du er usikker på. 

Sjå alle dei sju råda frå DSB om kva du kan gjere dersom internett og mobilnett ikkje fungerer.

Bli med på DSB si digitale opning av Eigenberedskapsveka

Mandag 26. oktober inviterer Direktoratet for sammfunnstryggleik og beredskap (DSB) til digital kick-off for Eigenberedskapsveka 2026. Sendinga startar kl. 11 og varer i inntil ein time. Her blir det aktuelt og relevant fagleg innhald om eigenberedskap.

I Sykkylven blir sendinga vist på Frivilligsentralen, og alle interesserte er velkomne til å følge med der. 

Du kan også sjå sendinga heimefrå om det passar bedre: lenke til sendinga.

Etter sendinga vil det bli utdelt informasjonsmateriell ved informasjonspunktet på Frivilligsentralen/biblioteket.