Endeleg er Jettegryta kafè open

Kafeen i Jettegryta har vore eit stort sakn sidan den måtte stenge ned då koronaen kom i 2020.

No er den tilbake - takka vere flott initiativ frå flyktningtenesta og kjøkkenet på BUAS!

Etter fleire år med stengt dør kan vi no glede oss over at Jettegryta kafè er open igjen. 

I Jettegryta blir bebuarar, pårørande og tilsette møtt av blide vertar frå flyktningtenesta eller andre som treng språktrening. Dette er med andre ord ein fin arena både for arbeidstrening og fellesskap. 

Opningstider 

Kafeen er open mandag og onsdag kl. 10 - 14, og byr på heimelaga vaflar, ferske påsmurte bagettar, og noko søtt til kaffien. 

På onsdagar er også salatbaren open. 

 

Vi er glade for at dette populære tilbodet er tilbake – og stolte over våre dyktige tilsette som har fått det til!