Endringar ved legekontoret

Det blir endringar i fastlegebemanninga ved legekontoret frå hausten 2026. Les meir om kva dette betyr for pasientane.

Fastlege Henrik Otlo-Stanger avsluttar si stilling ved legekontoret 1. september. Han skal vidare til Helse Møre og Romsdal for å spesialisere seg innan augesjukdomar. 

Det vil vere vikar på lista hans fram til ny fastlege er på plass. Pasientane på lista vil få samme oppfølging og tilgang til legetenester som tidlegare. 

Vi takkar Henrik for innsatsen og engasjementet han har vist i tida hos oss, og ønsker han lykke til vidare i karrieren. 

Vi ønsker òg å informere om at fastlege Cathrine Ness frå oktober 2026 går inn i sjukehusrotasjon som ein del av spesialiseringa i allmennmedisin. Dette er nødvendig for å fullføre spesialiseringa hennar som fastlege. 

I perioden Cathrine er i sjukehusrotasjon, vil Mathias Strømme vere vikar for hennar pasientliste.