Foreldrenes Kraft

Korleis kan vi som vaksne bidra til at barn og unge utviklar sjølvtillit, motivasjon og tru på eiga meistring?
Måndag 12. oktober inviterer Sykkylven kommune til eit ope kveldsforedrag med Marco Elsafadi på Aure barneskule.
 

Foredraget «Foreldrenes Kraft» er ein del av Oppvekstkonferansen 2026 som forgår for tilsette i barnehagane, skulane og barne- og familietenestene på dagtid. På kveldstid blir dørene opna for foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og andre som har ein relasjon til barn og unge.
Foredraget handlar om den viktige rolla vi vaksne har, og korleis vi gjennom omsorg, tydelege forventningar og gode relasjonar kan gi barn tryggleik og støtte til å meistre livet.

Marco Elsafadi om krafta i gode relasjonar

Marco Elsafadi er kjend for sitt sterke engasjement for barn og unge. Gjennom mange år har han arbeidd med relasjonar, motivasjon og meistring.

Med varme, humor og konkrete eksempel deler han erfaringar og verktøy for korleis vaksne kan skape gode relasjonar og styrkje dialogen med barn og unge. Foredraget handlar om korleis omsorg, forventningar og tydelege rammer kan bidra til at barn og unge utviklar sjølvtillit, motivasjon og meistringstru.

Elsafadi er tidlegare basketballspelar på toppnivå og representerte det norske landslaget i mange år. I 2014 vann han «Mesternes mester» på NRK. No er han tilbake i «Mesternes mester team», der han konkurrerer på lag med tidlegare fotballspelar Solveig Gulbrandsen.

Praktisk informasjon om kveldsarrangementet

Dato: Måndag 12. oktober 2026
Tid: Kl. 18.00 – 20.00
Stad: Aure barneskule
Målgruppe: Foreldre, besteforeldre, andre vaksne med relasjonar til barn og unge – og tilsette som arbeider med barn.
Det blir òg mogleg å kjøpe noko lett å bite i. Ein flott gjeng elevar frå vidaregåande skule står for kveldskafeen, og inntektene går til russefeiringa deira våren 2027.

Klikk her link til Facebook-arrangement

Ein heil dag med oppvekst i sentrum

Oppvekstkonferansen er ein fagdag for alle tilsette i barnehagane og skulane i Sykkylven. Konferansen blir arrangert av BTI-gruppa i Sykkylven kommune. BTI står for Betre tverrfagleg innsats og består av fag- og ressurspersonar frå kommunalområda oppvekst, helse og samfunn.

Konferanse har fått tittelen:
Vise omsorg
Stille krav
Kjenne meistring

På dagtid får dei tilsette felles fagleg påfyll frå tre foredragshaldarar som på ulike måtar set søkjelys på relasjonar, omsorg, tryggleik og meistring.

Foreldreterapeut Ellen M. Nilsen formidlar korleis varme, tryggleik og tydelege vaksne kan bidra til å byggje robuste barn. Alexander Skadberg tek utgangspunkt i si sterke livshistorie og viser korleis omsorg, tillit og tru på den enkelte kan skape utvikling og meistring. Anne-Hilde Lystad tek utgangspunkt i «Livet&Sånn» og gir refleksjonar og verktøy som kan styrkje vaksne i møte med barn og unge.
 

Velkomen til ein inspirerande kveld om krafta som ligg i gode relasjonar mellom barn og vaksne!
 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

Ellen M. Nilsen

 

 

 

 

 

Marco Elsafadi