Gåve frå Sykkylven Helselag

I samband med opninga av det nye Helsehuset i Sykkylven i november, overrekte Sykkylven Helselag ei gåve på 236 000 kroner til Sykkylven legesenter og den interkommunale legevakta for Sykkylven og Stranda. Midlane skal nyttast til anskaffing av eit Corpuls-overvåkings- og defibrilleringsapparat.

Vi ønsker å rette ein stor takk til Sykkylven Helselag for gåva! 

Avansert og livsviktig utstyr 

Corpuls er eit moderne medisinsk apparat som kombinerer fleire viktige funksjonar i eitt system. Det inneheld defibrillator, EKG og overvaking av vitale funksjonar som puls, oksygenmetning, blodtrykk, CO₂ og temperatur. Slike apparat er i dag standard utstyr i ambulanse og sjukehus, og spelar ei avgjerande rolle i akuttmedisinsk behandling.

Med eit Corpuls-apparat vil legesenteret kunne tilby raskare diagnostikk, betre pasientsikkerheit og auka tryggleik for både pasientar og helsepersonell.

Bakgrunn for gåva

Sykkylven legesenter og legevakt søkte Helselaget om økonomisk støtte til apparatet for å styrke den akuttmedisinske beredskapen i distriktet. Legevakta dekker to kommunar med store geografiske avstandar og krevande værforhold. Når ambulanse er opptatt med transport, kan legevaktslegen stå utan nødvendig utstyr ved akutte hendingar. Corpuls-apparatet vil sikre rask diagnostikk og behandling ved hjartesjukdom, hjartestans og andre alvorlege tilstandar, og kan brukast både på legevakt og ute på oppdrag.

Helselaget si vurdering 

Sykkylven Helselag fekk søknaden frå legekontoret i forkant av opninga av Helsehuset. Etter drøfting i laget vart det raskt semje om at dette var ei viktig sak å støtte. Helselaget sitt arbeid har alltid hatt helse og fellesskap i sentrum, og dette tiltaket passa godt inn i føremålet deira.

Midlane som vart gjevne, hadde opphavleg vore sett av til nytt leikeapparat i Kyrkjeparken på Aure. Etter grundige vurderingar valde helselaget å nytte desse pengane til innkjøp av Corpuls-apparatet – eit tiltak som kjem heile kommunen, og også Stranda, til gode.

Dette er utstyr som kan redde liv, og vi opplever det som meiningsfullt å kunne bidra til betre beredskap for innbyggjarane våre, seier helselaget.

Tusen takk 

Sykkylven kommune ønsker å rette ei stor og varm takk til Sykkylven Helselag for gåva på 236 000 kroner. Bidraget er avgjerande for å realisere anskaffinga av dette viktige apparatet, og viser kor mykje frivillig engasjement betyr for lokalsamfunnet. Apparatet kjem både innbyggarane i Sykkylven og Stranda til gode.