Hald skulevegen trygg

Når skulane startar opp igjen, er mange barn ute på skulevegen. Dei yngste barna er små av vekst, har mindre erfaring i trafikken og kan ha vanskar med å vurdere fart og avstand. Vi som vaksne kan gjere mykje for å skape ein tryggare skuleveg.

Klipp hekken slik at barna blir sett

Høge hekkar, busker og greiner kan skjule både barn, syklistar og bilar. Derfor er det viktig å klippe hekken/buskene slik at barna blir sett. Dette er særleg viktig ved avkøyrsler, vegkryss og gang- og sykkelvegar. 

Har du hekk eller busker mot veg, bør du kontrollere sikta frå avkøyrsla di. Husk at eit barn er mykje lavare enn ein vaksen. Det kan vere god sikt for deg, samtidig som eit barn er heilt skjult bak hekken. 

Statens vegvesen opplyser mellom anna at: 

  • hekk og gjerde i frisiktsona ved avkøyrsle som kryssar gang- og sykkelveg ikkje skal vere høgare enn 50 cm
  • når du står 3 meter inn i ei slik avkøyrsle, skal du kunne sjå minst 30 meter i kvar retning langs gang- og sykkelvegen
  • ved avkøyrsle direkte ut i veg skal du ha fri sikt når du står 4 meter inn i avkøyrsla. Kor langt du må kunne sjå på kvar side, kjem ann på fartsgrensa. 

Det er eigar eller den som disponerer eigedomen som har ansvar for å sørge for nødvendig fri sikt.

Les meir om dette på Statens vegvesen si nettside.

Ver ekstra merksam ved gangfelt 

Barn er særleg utsette når dei skal krysse ein veg. Gangfelt bør brukast der det finst, men eit gangfelt betyr ikkje at ein kan slutte å følge med på trafikken.

Bilførarar har vikeplikt for gåande som er i gangfeltet eller på veg ut i det. Som bilførar bør du derfor redusere farten og vere førebudd på at barn kan handle raskt eller uventa.

Foreldre og andre vaksne bør lære barna å stoppe opp, sjå seg godt for og forsikre seg om at bilane har stoppa før dei går over vegen.

Barn som sykler over eit gangfelt blir rekna som syklande, ikkje som gåande. Skal barnet ha same vern som ein fotgjengar i gangfeltet, må barnet gå av sykkelen og trille han over.

Gå skulevegen saman med barnet

For barn som skal gå til skulen sjølve, er det lurt at foreldre går skulevegen saman med barnet på førehand. Då kan de snakke om kvar det er tryggast å gå og krysse vegen, og peike ut stader der barnet må vere ekstra merksam.

Gå gjerne ruta fleire gonger med dei yngste barna. Det gir barnet høve til å bli kjent med trafikkbiletet og øve på gode vanar før det skal gå åleine.

Skulevegen kan også sjå annleis ut frå eit barn sitt perspektiv. Ein hekk eller ein parkert bil som ein vaksen lett ser over, kan skjule mykje for eit barn.

Sjå skulevegen med barnet sine auge

Ein enkel kontroll kan gjere stor forskjell: Still deg ved avkøyrsla eller krysset og sjå området frå om lag same høgd som eit barn. Kan barnet sjå bilen som kjem? Og kan bilføraren sjå barnet tidleg nok?

God sikt, låg fart og merksame trafikantar er noko av det viktigaste vi kan bidra med for å gi barna ein trygg skuleveg.

Takk for at du bidrar til ein tryggare skuleveg i Sykkylven kommune.