Høyring - forslag om mindre endring i Forskrift om politivedtekt for Sykkylven kommune

Formannskapet vedtok 18.5.26 å sende ut på høyring forslag om tilleggspunkt i Forskrift om politivedtekt for Sykkylven kommune, under § 2-1 Orden på offentleg stad: 

«Politiet kan etter søknad innvilge dispensasjon frå kravet til nattero for ei bestemt anledning i ei avgrensa periode. Det kan settast vilkår for eit slikt løyve. Søknad skal sendast til politiet innan ein frist fastsett av politiet. I søknaden skal det dokumenterast korleis berørte naboar er kontakta, og at desse har fått høve til å uttale seg innan ein gitt frist.»

Tillegget er i samsvar med eit forslag frå politidirektoratet, sendt ut til alle landets kommunar.

Endringa vil vere ei stadfesting av dagens praksis.
Forskriftsendringa vil tre i kraft så snart den er stadfesta av politidirektoratet og kunngjort.
Ein gjer merksam på at denne høyringa kun gjeld nattero, ikkje servering av alkohol.


Ev. merknader kan sendast til postmottak@sykkylven.kommune.no.

Frist for uttale vert sett til 1. juni.

Heile dagens forskrift finn du her.