Influensavaksine 2025

Det blir influensavaksinering ved Sykkylven kulturhus tysdag 28. oktober og onsdag 29. oktober frå kl. 09.00 - 15.30. 

Du må bestille time.

Slik bestiller du time

Du bestiller time på helsenorge.no:

  1. Logg inn 
  2. Gå til “Timeavtalar” → “Bestill time” → “Ditt fastlegekontor” 
  3. Velg “Vaksinasjonsdag Sykkylven kulturhus”
  4. Velg dato og tidspunkt
  5. Skriv kva vaksine du ønsker i feltet “Hva gjelder det” 

Hjelp gjerne pårørande med å bestille time dersom dei treng det. 

Vaksine til barn og gravide i risikogrupper: ta kontakt med Sykkylven legesenter eller helsestasjonen. 

Husk at du må vente 20 minutter etter vaksina er satt. 

Pris

  • Influensavaksine: 301 kr
  • Koronavaksine: 85 kr

Du får faktura på SMS etter vaksinasjonsdagen. Om denne ikkje blir betalt vil du få faktura i posten (utan gebyr)

Kven bør ta influensavaksine? 

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefalar vaksine til: 

  • Alle over 65 år 
  • Bebuarar i omsorgsbolig og sjukeheim 
  • Gravide etter 12. veke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester får tilbod dersom dei har annan risiko. 
  • Prematurt fødte barn (fødd før veke 32), frå 6 månadar til 5 år.
  • Barn og vaksne med kronisk sjukdom eller nedsatt immunforsvar

Sjå “Målgrupper for influensavaksinasjon” på fhi.no

Kven bør ta oppfriskningsdose med koronavaksine? 

FHI anbefalar ny dose før haust/vintersesongen 2025/2026 for: 

  • Personar i omsorgsbolig og sjukeheim 
  • Alle over 75 år 
  • Personar 18 - 74 år i risikogruppe 
  • Ungdom 12 - 17 år med alvorleg grunnsjukdom 
  • Barn 6 månader - 11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering

Les meir på fhi.no om koronavaksine