Invitasjon til innskriving for nye 1. klassingar 12. februar

Sørestranda skule og Aure barneskule inviterer komande 1. klassingar og deira føresette til innskriving onsdag 12. februar kl. 17:00 - 18:00 på sine respektive skular.

Målet med invitasjonen er at elevar, føresette og lærarar skal bli betre kjent med kvarandre, og at dei komande 1. klassingane får sjå den flotte skulen dei skal gå på. Kontaktlærar og personale frå SFO kjem også på innskrivinga. Skulane vil gi føresette viktig informasjon om skulestart og alt dei måtte lure på knytt til skule-/SFO-kvardagen.

Sjølve innskrivinga skjer digitalt via følgjande lenke (innlogging med ID-porten):

Innmeldingsskjema for 1. skuleår

Sjølv om innskrivinga skjer via nett, er det viktig at elevar og føresette får gjere seg kjende med nærskulen sin og lærarane før sommaren.

Meir informasjon om innskrivinga finn du ved å klikke deg inn på invitasjonen frå den aktuelle skulen:

Invitasjon til innskriving på Sørestranda skule (PDF, 2 MB)

Invitasjon til innskriving på Aure barneskule (PDF, 108 kB)

 

Søknad SFO:

Meir informasjon om dette ligg på vår heimeside: Søknad om plass i SFO.

Kontakt

Kjersti Hovet
Rektor

Sensitiv informasjon skal ikkje sendast pr. e-post.

Knut Orre
Rektor

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Rune Haugrønning
SFO-leiar/avdelingsleiar Sørestranda skule

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Janne Marstrander
SFO-leiar / avdelingsleiar Aure barneskule
Telefon 95 01 88 53