Julehelsing frå ordføraren

Jula nærmar seg, og ordførar Olav Harald Ulstein sender ei helsing til alle innbyggarar. 

Han deler både ettertanke rundt ei uroleg verd og optimisme for alt det positive som skjer i Sykkylven.

No er det snart jul igjen, og som vanleg går tida fram mot den store høgtida veldig fort. Det er kanskje fleire enn meg som føler at det er «tusenvis» av ting som skulle ha vore ordna før jul, men som må vente til over nyttår. Det er mogleg at vi har for høge ambisjonar om alt som skulle vore gjort før jula ringer inn, og kanskje skulle vi alle blitt flinkare til å slappe av og nyte denne fine tida. Jula, ja den kjem uansett!

Vil også i år bruke deler av julehelsinga til å rette blikket utover, og sjå på det verdsbiletet vi er ein del av. Vi lever i dag i ein verden som er prega av krig og uro. Krigen i Ukraina rasar framleis med full styrke, og vi ser dei enorme lidingane. Eg vil vone at ukrainarane som har flykta, og som no er busett i Sykkylven, får ei fin julehøgtid. 

Vi ser også mykje anna uro, ikkje minst konflikten mellom Israel og Palestina. Elles har vi merka oss ein aukande handelsuro, og press mot både handelspartnarar og allierte konstellasjonar.

Også vi i Noreg lever i eit tid der beredskapen har fått mykje større fokus. Både eg som ordførar, administrasjonen og ulike etatar blir stadig utfordra av styresmaktene til å auke beredskapen lokalt.

Snur vi blikket tilbake til Sykkylven, så skjer det heldigvis mykje positivt. Vi har nettopp opna eit nytt helsehus, noko som gjer kvardagen langt betre for dei tilsette ved legesenteret, heimetenestene og rus/psykiatri. Her er moderne og etterlengta fasilitetar. Dette er ikkje berre eit stort løft for dei som arbeider der, men også for dei som skal få utført ulike tenester på helsehuset. 

Det har også blitt etablert nye barnebustadar, noko som var viktig å få på plass. 
Dei fleste har sikkert fått med seg at det har vore stor aktivitet i og rundt sentrum. Miljøgata har blitt forlenga og utvida, og snart blir nye parkeringsplassar ved helsehuset tatt i bruk. 
Og det må også nemnast at no er alle kloakkutslepp fjerna frå sentrumsområdet.

Eg føler at det rår optimisme og ei positiv haldning mellom bygdefolket. Det lovar godt i tida som ligg framfor oss. Mykje av æra for denne haldninga skal vi gi til dei frivillige som legg ned ein stor innsats gjennom året. Dette dugnadsarbeidet er sjølve navet i lokalsamfunnet. Tenk om all denne innsatsen forsvann over natta, at det ikkje var nokon som tok seg av borna som spelte fotball, handball, speidarane, symjeklubben, korpsa, kora, besøksvener, følgevener, Røde Kors, Lions, Rotary osv.

Sist ut er dei som står bak den nye julemarknaden i sentrumsgatene. Dei har lagt ned enormt med tid og krefter for at vi alle skal oppleve ei fin førjulstid. 
Trivselsringen som vart etablert no i haust er også eit fantastisk tiltak. Dette er personar som som vil løfte Buas til ein betre institusjon for både dei som bur der og arbeider der. 
Oss som er så heldige å få bu her i Sykkylven, har mykje å takke dei frivillige for.

Vil også rette ein spesiell takk til dei mange som skal arbeide for Sykkylven kommune i jula. Eg håpar at også dei får fine stunder saman med familie og vener.

Til slutt vil eg ønskje mine politiske kollegaer og alle sambygdingar god jul!

Olav Harald Ulstein
ordførar Sykkylven kommune