Kameraovervaking ved Aure barneskule og Sykkylven ungdomsskule

Sykkylven kommune har vedteke å innføre kameraovervaking på uteområda ved Aure barneskule og Sykkylven ungdomsskule. Tiltaket skal styrke tryggleiken og førebygge skadeverk og farlege situasjonar utanom skuletid.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Kvifor kameraovervaking? 

Skulane har over tid opplevd fleire alvorlege hendingar utanom skuletid, som mellom anna: 

  • Forsøk på brannstifting 
  • Gjentekne tilfelle av hærverk og sabotasje av syklar 
  • Klatring på tak og annan farleg aktivitet 
  • Råning og bilkøyring på skuleområdet 

Desse hendingane har skapt uro og utgjer ein risiko for både elevar, tilsette og skuleeigedom. 

Formålet med overvakinga 

Kameraovervakinga skal bidra til å: 

  • Forebygge og dokumentere hærverk, tjuveri og brannstifting 
  • Auke tryggleiken på skuleområdet utanom skuletid 
  • Gjere det lettare å oppklare alvorlege hendingar

Personvern og tryggleik 

Sykkylven kommune har gjennomført både risikovurdering og ROS-analyse, og overvakinga blir gjennomført med høg grad av personvernomsyn: 

  • Kamera er berre aktive utanom skuletid 
  • Opptak blir automatisk sletta etter 7 dagar
  • Berre autorisert IT-personell har tilgang til opptaka, og all tilgang blir loggført
  • Områda som blir overvaka vil vere tydeleg skilta og informert

Informasjon til føresette 

Føresette er informert om at kameraovervakinga ikkje vil påverke den daglege undervisninga eller aktivitetar i skuletida. Kamera vil vere inaktive når elevane er på skulen, og tiltaket er retta mot å sikre skuleområdet utanom ordinær opningstid. 

Tiltaket er ein del av kommunen sitt arbeid med å skape eit trygt og godt oppvekstmiljø for alle barn og unge. Dersom du som føresett har spørsmål eller ønsker meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med skuleleiinga. 

Vidare arbeid 

Kommunen vil halde fram med å: 

  • Informere tilsette, elevar og føresette om tiltaket 
  • Samarbeide med tillitsvalde og verneombod i tråd med arbeidsmiljølova
  • Evaluere effekten av overvakinga og sikre at tiltaket fungerer etter føremålet 

Vi takkar for engasjementet og samarbeidet frå innbyggarar, føresette og tilsette for å skape eit trygt og godt skulemiljø.