Kunne du blitt lurt av ein hacker?Kor lett er det eigentleg å lure heilt vanlege menneske på nett? 13. oktober inviterer Sykkylven kommune til beredskapskveld med ekte historier, live hacking og konkrete eksempel på korleis svindel og digitale angrep skjer i praksis. Publisert 07.09.2026 15.21 Sist endra 07.09.2026 15.21 Alle kan bli lurtKva skjer når 25 år med IT-sikkerheit møter ein tidlegare kriminell hacker? Kveldens hovudinnslag er foredraget “Alle kan bli lurt - men du kan også bli lurare!” med Eddie Strandengen og Marius Jordet får Etiske Hackere. Eddie og Marius tek deg med på innsida av ein verden dei færraste får sjå. Du får ekte historier, live hacking og eksempel på kor skremmande enkelt det er å lure heil vanlege mennesker. Foredraget kombinerer humor og alvor, og målet er at du skal gå heim litt vanskelegare å hacke.ProgramInnleiing ved ordførar og kommunedirektør om kommunal beredskap og eigenberedskap - ca. 15 min. Foredrag med Etisk Hacker - ca. 60 min. Praktisk informasjonDato: Tysdag 13. oktoberTid: Kl. 17.00 Stad: Sykkylven kulturhus, kinosalen PåmeldingDet er avgrensa tal på plassar, så meld deg på dersom du vil sikre deg ein plass.Gå til påmeldingsskjema