Lær om kunstig intelligens - passar for alle

Bli med på ein spennande KI-verkstad der du får ei enkel og forståeleg innføring i kva kunstig intelligens er, og kvifor det vil spele ei avgjerande rolle i framtidas næringsliv. 

Dette er eit gratis tilbod til bedrifter og innbyggarar. Påmelding lenger ned i artikkelen.

Om kurset

Gjennom dette introkurset får du innsikt i korleis KI kan automatisere oppgåver, gi betre beslutningar og opne for nye tenester og moglegheiter - alt med utgangspunkt i behova til di bedrift. 

Kurset har som mål å bygge teknologisk forståing internt i verksemder, slik at tilsette blir tryggare i møte med digital utvikling. Det handlar ikkje berre om teknologi, men om å ruste seg for å ta kloke og strategiske val i ei tid med raske endringar. 

Dette får du på kurset: 

  • Ei innføring i kva kunstig intelligens er
  • Forståing for korleis KI påverkar arbeidslivet og samfunnet 
  • Konkrete døme på korleis bedrifter kan bruke KI
  • Oversikt over verktøy som er tilgjengeleg i dag 

Kurset krev inga teknologisk bakgrunn - låg terskel for deltaking

Kursdatoar

  • Tysdag 10. juni kl. 19.00 - 20.00 
  • Tysdag 17. juni kl. 19.00 - 20.00

Stad: Næringsfabrikken, Sykkylven 

Påmelding her

Du kan lese meir om prosjektet KI-verkstaden her (PDF, 2 MB)