Korleis kom vi med?
Sykkylven kommune vart først kjent med prosjektet då Ingvill Gjerset i Møre og Romsdal fylkeskommune tok kontakt og spurde om vi hadde nokre aktuelle bygg som kunne passe inn i prosjektet. Kommunen spelte inn tre forslag; Ullavik skule, gamle Aure skule - og Tynes møbelfabrikk.
Slik vart vi med i konkurransen blant over 100 bygg over heile landet. Etter ei vurdering frå Husbanken og SOL-IS arkitekter, vart Tynes møbelfabrikk valt ut som eitt av fem prosjekt som skulle få gjennomført eit moglegheitsstudie.
Kva viser moglegheitstudien?
Onsdag 11. juni presenterte arkitektane Oda og Mari frå SOL-IS, sine idear og løysingar for kva Tynes møbelfabrikk kan bli. Dei viste fram fleire spennande alternativ for ny bruk av bygget, mellom anna:
- Bustadar i ulike storleikar, både for kort- og langtidsleige
- “Prøvebustadar” for folk som vurderer å flytte til Sykkylven
- Hotellrom og fellesareal
- Næringslokale
- Sosiale møteplassar som pub, kafè eller vinterhage
- Aktivitetar som badstu og kajakkutleige
Arkitektane ser for seg ein kombinasjon av desse løysingane, basert på behova i lokalsamfunnet, både det offentlege og det private næringslivet.
Behovet for bustader med meir fellesareal og mindre privat areal vart også trekt fram. Slike buformer er alt testa ut fleire stader i landet med gode erfaringar. Og det å kunne “prøvebu” i Sykkylven før ein tek avgjerda om å flytte hit for godt, er noko mange ser som attraktivt.
Positivt blikk på bygget
SOL-IS la stor vekt på den unike plasseringa; kort veg til sentrum, nær sjøen, og med flott natur rundt. Dei understreka også at bygget er fleksibelt, og har eit stort potensial for fleirbruk. Samstundes kan ein vidareføre møbelhistoria og det lokale kulturlivet i den framtidige bruken av bygget.
Kva betyr dette for Sykkylven?
Prosjektet kan bli eit viktig bidrag til å skape eit meir levande lokalsamfunn. Tynes møbelfabrikk er allereie i bruk i dag, mellom anna til møbeldesign og prototypeverkstad. Men bygget har kapasitet og potensial til mykje meir. Dette prosjektet handlar derfor ikkje om å ta i bruk eit tomt bygg, men om å vidareutvikle eit eksisterande bygg med historie og liv, og opne for nye bruksmåtar som kan gagne heile kommunen.
Ein slik transformasjon kan bidra til:
- Nye bustadar som møter dagens behov
- Møteplassar på tvers av alder og interesse
- Rom for meir næringsverksemd og fleire arbeidsplassar
- Ei styrking av lokalt kultur- og friluftsliv
Vegen vidare
Dette er eit moglegheitsstudie som viser potensiale til bygget og dei nære omgivelsane, og kva for eit aktørbilde som kan befinne seg i eit slikt bygg. Prosessen vidare blir sjølvsagt opp til huseigar, og Sykkylven kommune vil vere ein aktiv samarbeidspartnar i prosessen vidare.
Sjå heile presentasjonen av moglegheitsstudiet (PDF, 9 MB)
Illustrasjon: Vignsnæs + Kosberg