Kvifor er dette viktig?
Opplysningar frå Eigedomsregisteret blir brukt dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar i Eigedomsregisteret som ein del av sitt arbeid. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangle eller vere utdaterte.
Ved å oppdatere opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, bidreg du til å sikre at dei er korrekte. Det kan gi deg bedre vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgifter. Samtidig får nødetatar, planleggarar og andre aktørar bedre grunnlag for sine vurderingar, noko som kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.
Slik gjer du det
Du kan registrere byggeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal.
Desse opplysningane kan du finne i salsoppgåver, kommunale vedtak og takstrapportar – eller du kan bruke eiga kjennskap til bustaden.
Egenregistreringa er frivillig og skjer via ei trygg sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du blir ikkje beden om å laste opp dokumentasjon.
- Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket
- Logg inn med ID-porten og sjekk opplysningar som er registrerte frå før
- Registrer det du meinar er riktig
- Oppdater dine tidlegare registrere opplysningar om noko endrar seg
Opplysningane du registrerer, vil ikkje overskrive det kommunen har lagt inn frå før. Dei blir viste parallelt med øvrige eigedomsopplysningar og kan brukast av offentlege og private verksemder.
Kven kontaktar du ved spørsmål?
Har du spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakte Kartverket.