NRK tv-aksjonen 2025 - "Bli med å opne dører" Årets tv-aksjon går til Atlas-alliansen og skal opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi nødhjelp, utdanning og moglegheita til eit betre liv. Publisert 23.09.2025 15.38 Sist endra 23.09.2025 15.38 NRK tv-aksjonen 2025 - Atlas-alliansen Tv-aksjonen går av stabelen søndag 19. oktober. Saman skal vi gi 200 000 mennesker med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.Saman skal vi:Sikre skulegang for fleire barn med funksjonsnedsettingarBidra med helsehjelp og hjelpemiddel som krykker, rullestol og kvit stokk for svaksynte og blinde.Sørge for at nødhjelp når fram til funksjonshemma. I krig og konflikt er dei ekstra sårbare.Hjelpe menneske med å bearbeide vonde opplevingar gjennom mental helsehjelp.Gi startlån og yrkesopplæring, slik at fleire kjem i arbeid. Jobbe med lokalsamfunn for å fjerne stigma og utanforskap, så alle får vere med.Digital aksjon i Sykkylven I Sykkylven har vi dei siste fem åra gjennomført tv-aksjonen heildigitalt - og det har fungert svært godt. Derfor held vi fram på same måte i år, og det vil ikkje kome bøssebærar på døra di 19. oktober. Slik kan du bidra Det er mange ulike måter ein kan bidra på. Her er nokre måtar du kan støtte TV-aksjonen på: Gi ei gåve til kommunen si digitale bøsse Opprette di eiga bøsse og invitere vener og familie til å bidra Arrangere t.d. basar, kafè eller garasjesalg. Dele informasjon om aksjonen i sosiale mediumAlle bidrag, store og små, er med på å gjere ein forskjell. Sykkylven kommune si digitale bøsseOpprett di eiga digitale bøsseStøtt som bedriftTips til skule og barnehage