Ny fastlege og fastlegebytte ved Sykkylven legesenter

Vi har gleda av å meddele at Martha Melsom har takka ja til stillinga som fastlege ved Sykkylven legesenter. Ho startar opp 2. januar 2026. 

Martha har med seg verdifull erfaring både frå fastlegepraksis og frå arbeid på sjukehus, og vi ser fram til å få henne med på laget. 

 Viktig informasjon om fastlegebytte

Samtidig vil vi informere om at Pål Anders Godø har valgt å ikkje fortsette som fastlege hos oss. Vi har stor forståing for beslutninga hans, og ønsker han lykke til vidare. 

Godø har i dag ei pasientliste på 650 innbyggarar. Desse vil bli overført til ny fastlege Henrik Stanger, som begynner hos oss 1. september 2025. 

I overgangsperioden frå 1. juni til 31. august 2025 vil pasientlista bli ivareteken av ein vikarlege.