Nye krav for gjenvinning av tekstil

Frå og med 1. januar 2025 er det nye krav til kjeldesortering, innsamling og materialgjenvinning av tektstilar. 

Kvar år kastar nordmenn 49 000 tonn klede og tekstilar i restavfallet. Dette svarar i snitt til rundt 9 kilo per person. Etter eit nytt lovkrav frå EU skal øydelagde klede og tekstilar frå og med i år ikkje lenger gå i restavfallet, men sorterast for seg og gå til materialgjenvinning.

Målet er å sørgje for at mest mogleg klede og tekstilar blir brukt om igjen eller resirkulert, i staden for å ende som restavfall.

Dagleg leiar i Attvin, Øystein Solevåg, er glad for at kleda no skal ut av restavfallet. Han fortel at frå og med måndag 6. januar vil innbyggjarane i Ålesundregionen kunne kjeldesortere øydelagde klede på alle miljøstasjonane til Attvin.

Meir informasjon

På Attvin si nettside kan du finne meir informasjon om blant anna kva som er øydelagte tekstilar og ikkje, ulike kategoriar for tekstilhandtering, og kvar du kan levere tekstilar til gjenvinning. 

Gå til Attvin si nettside