Nytt fagsystem for feiing og tilsynSykkylven kommune har tatt i bruk nytt fagsystem for feiing og tilsyn. Det betyr at du som innbyggar no vil få varsel om feiing og tilsyn på sms, og ikkje ved lapp i postkassa slik som tidlegare. Publisert 28.04.2025 11.24 Sist endra 28.04.2025 11.25 Varsel om feiing og tilsyn kjem no på sms Med innføring av det nye fagsystemet vil vi gå over frå å varsle feiing og tilsyn med lappar i postkassa, til å sende varselet på sms. Dette gjeld i hovudsak eigarar av bustadar i kommunen. Telefonnummeret meldinga blir sendt frå er eit nummer på 14 siffer. Det startar på 273000xxxxxxxx og kan til dømes sjå slik ut: Kva gjer du når du har fått sms? Når du mottek sms frå oss om feiing og tilsyn får du to val; Tast 1 for å bekrefte tidspunkt Tast 2 dersom oppsatt dag/time ikkje passar. (Du må sjølv kontakte brannførebyggaren og avtale ny dag/tid). Det er viktig at du svarer på meldinga, og ikkje skriv punktum eller noko anna bak talet, kun talet 1 eller 2. Skriv du noko meir blir meldinga ugyldig. Når du har sendt inn svaret får du ei ny melding med helsing frå brannførebyggaren om at svaret ditt er registrert. Kva skjer etter brannførebyggaren har vore på besøk?Når brannførebyggaren er ferdig med feiing/tilsyn får du ein SMS med stadfesting på dette. I sms’en er der ei lenke til «Min eigedom», der du kan sjå relevant informasjon om din eigedom etter feiing eller tilsyn. For å få tilgang til «Min eigedom» må du logge inn med BankID.