Nytt journalsystem ved Sykkylven legesenter og legevakt

Sykkylven legesenter og legevakt tek i bruk nytt journalsystem i veke 47. Overgangen vil føre til redusert drift ved legesenteret delar av veka. 

Legesenteret er stengt 16. og 17. november

Måndag 16. og tysdag 17. november er Sykkylven legesenter og laboratoriet stengt for ordinær drift. 

Desse dagane blir journalsystemet bytt ut, og legesenteret vil i periodar vere utan eit operativt journalsystem. 

Legevakta er open for pasientar som treng akutt hjelp. Telefon 70 25 50 50 er open, men desse dagane skal den berre nyttast dersom du har behov for legevakt. 

Legevakta utanfor den vanlege opningstida går som normalt. 

Ver ute i god tid

Frå fredag 13. november til og med tysdag 17. november vil det ikkje vere mogleg å sende førespurnader til legesenteret via Helsenorge. 

Treng du å fornye resept, bestille time, ordne pasientreise eller kontakte legekontoret om andre forhold, må du derfor gjere dette i god tid før fredag 13. november. 

Redusert kapasitet resten av veka

Resten av veke 47 er legesenteret ope, men med redusert aktivitet og færre tilgjengelege timar enn vanleg. 

Overgangen til nytt journalsystem er ein omfattande, men nødvendig jobb. Vi ber om forståing for at kapasiteten ved legesenteret er redusert medan arbeidet blir gjennomført.