Oppstartsmøte - Revidering av Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftslivSykkylven kommune skal revidere Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Torsdag 10. september inviterer vi derfor lag, organisasjonar og innbyggarar til oppstartsmøte for å kome med innspel til kva som bør prioriterast dei neste åra. Publisert 02.09.2026 14.56 Sist endra 02.09.2026 14.56 Oppstartsmøte 10. septemberTid: Torsdag 10. september kl. 18.00 Stad: Sykkylven kulturhus, vestibylenFormålet med møtet er å få innspel til prioriteringane i planen for perioden 2027-2032. Innspela kan gjelde både nybygg og rehabilitering av eldre idrettsanlegg. Møre og Romsdal idrettskrets ved Kjetil Håve deltek på møtet og vil informere om aktuelle tema. Vi ønsker innspel frå både lag, organisasjonar og andre innbyggarar som er engasjerte i utviklinga av idrettsanlegg i Sykkylven. Vel møtt!